Ord om språk

Gå frå munn til munn

Publisert

Alle veit at ein ikkje skal tala med mat i munnen. Kva om ein ikkje har råd til å putta noko i munnen? Ja, kva gjer ein dersom ein prøver å leva frå hand til munn, men røyner at det som kjem i handa, ikkje er nok? Eit ordtak seier at «ein får stilla munnen etter matsekken». Det er lettare sagt enn gjort, særleg om ein har mange munnar å metta. Eg trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at problemet er politisk og ikkje kan løysast med munnen åleine.

Munn viser i dag til leppene og opninga mellom dei. Nokre gissar at ordet opphavleg vart nytta om heile hakepartiet eller den nedste delen av andletet, men at det etter kvart vart nemning for berre ein del av det partiet: opninga. Munn har i alle høve trengt bort det gamle indoeuropeiske namnet på denne lekamsdelen. Ordet er framleis med oss, men no vert det nytta om ‘stad der elv renn ut i (eller ut or) vatn eller sjø; sund’. Eg talar om os, som òg ter seg i mange stadnamn (t.d. Os, Ose, Osen).

Munnen vert skjemtande kalla mathòl, men det er òg ei rad hòl og opningar som har fått namn etter munnen, jamfør børsemunning, elvemunning, magemunn (‘opning i magesekken’) og mormunn eller livmormunn (‘munning av livmor’). Munnen kan målbera kjensler, som når me smiler med den eine munnvika eller lagar trutmunn. Men det er det at munnen er talereiskap, som har gjeve oss flest vendingar og samansette ord. Ja, om noko er sagt, ikkje skrive, vert det rett og slett kalla munnleg («ei munnleg avtale»).

Dei som er lausmunna (el. lausmynte), har soleis ikkje ein munn som held på å detta av. Dei slit med å halda munn, og det er freistande å setja munnkorg på dei. «Til stor munn høyrer stiv rygg», seier ordtaket. Bodskapen er at dei som er store eller grove i munnen eller har lett for å bruka munn, ofte får juling. Kan henda hamnar dei på folkemunne òg. Det er betre å munnhoggast enn å dengja laus på kvarandre, men heilt rettvist er det ikkje. Nokre er so munnrappe eller har so godt munnlêr at andre misser munn og mæle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement