JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Framgang i gangfart

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20210917
2360
20210917

Me kan ofte sjå (eller høyra) kven som kjem gåande, ut frå ganglaget åleine. Røynde folk kan endåtil kjenna lusa på gangen. Her dreiar det seg om gang i tydinga ‘måte å gå på’, men det kan nok henda at det er lus i eller utpå gangen òg, til dømes i gangkleda som heng der. Men no lyt me koma i gang med den rettelege gjennomgangen av gang-ord – det er ikkje gangbart å lata skravla gå på tomgang slik!

Me kan i fyrste omgang slå fast at gang har gått, og framleis går, sin sigersgang gjennom målet vårt. Det ser ikkje ut til at ordet har fått gangsperre enno, og det syner ikkje andre teikn til tilbakegang heller. I bokmål er gangverket hakket meir utbreitt enn i nynorsk, for i bokmål vert gang nytta i tydinga ‘einskilt tilfelle, høve’ («tenke seg om to ganger», «for første gang»). Nynorsk og mange målføre har gong her.

Det er glidande overgangar mellom desse to formene. Eller meir presist: Dei er strengt teke same ordet. Både gong og gang (og hokjønnsordet gonge) heng i hop med verbet ganga. Dette verbet har i mange mål fått ei stytt form, jamfør normert norsk (i nokre målføre: ga), engelsk go og tysk gehen. Substantivet gjeng («vera med i gjengen») kjem av engelsk gang (‘arbeidsgjeng; bande’), som i sin tur er lånt frå nordisk.

Me veit at «ein trottar lenger med gang enn med sprang». Det er mykje anna som verkar inn på trotten vår, til dømes gangfarten og utforminga på gangstigen eller gangvegen. Om me misser gangsynet, bør me halda oss unna gruvegangar og krevjande fjellovergangar. Me bør nok ikkje ha ansvaret for vanskelege balansegangar heller. Skal tru om lediggangen krev gangsyn?

Me kan nytta gang om bylgjerørsler («tung sjøgang») og ymse saker som er i rørsle eller endring. Nokre grip til gang når dei talar om gjær og gjæring («setja gang i deigen», «ølet står i gangen» ‘står og gjærar’). Når me kjenner gangen i arbeidet, er det ofte lett å halda hjula i gang. Det er elles mykje som går sin jamne, skeive eller vande gang, og bortgangen høyrer med til livsens gang. Det er nok ikkje heilt rettvist å seia at preposisjonane går gang ein høg gang, men dei går i alle fall godt i hop med gang: avgang, overgang, undergang, gjennomgang, inngang, utgang, oppgang, nedgang, medgang, motgang, pågang, omgang, tilgang ...

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis