Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Brifing i brevform

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20210903
2359
20210903

Folk skriv ikkje like mange brev som før, i alle fall ikkje for hand. Å få brevpapir i jole- og bursdagsgåve er heller ikkje so vanleg lenger, men mange kjærleiksbrev, fanbrev, avskilsbrev og trugselbrev vert framleis skrivne for hand.

Det er likevel dei elektroniske breva, stundom kalla e-brev eller skjermbrev, som råder grunnen i dag. Mange handskrivne brev er vortne samla, sorterte og utgjevne i bokform. Korleis vert det med e-breva? Kjem forlaga til å gjeva ut e-brev i utval?

Brev heng i hop med det latinske adjektivet brevis, som tyder ‘stutt, låg, grunn, smal, liten’ (jf. lånord som abbreviera ‘stytta av’). Opphavleg vart ordlaget breve scriptum (‘stutt skriv’) eller berre breve mest nytta om pavebrev. Sidan har tydinga vida seg ut, og no kan me bruka brev om ‘skriftleg melding (som vert send i konvolutt)’ og ‘skriv som heimlar, kunngjer, stadfester noko’ (jf. adelsbrev, pantebrev, fagbrev). Ordet har vore med oss lenge (norr. bréf), og det er vorte det vanlege ordet for skriv av det ovannemnde slaget. Slik er det òg i tysk (Brief). I engelsk er det letter (av latin littera, litera) som har denne rolla.

Me støyter på etterkomarar av latin brevis i engelsk òg, som adjektivet brief (‘stutt’), substantivet brief (‘skriv frå styresmakt, føresegn’) og verbet brief (‘samanfatta; opplysa, rettleia eller gjeva ordre om’).

Det sistnemnde ordet har smotte inn i norsk og fått den fastsette skrivemåten brifa. Me kan brifa nokon i eller om noko (t.d. «brifa ein om oppdraget»), og når folk har vore gjennom noko leitt eller krevjande, til dømes opprydjing etter ei brevbombe, vert dei gjerne debrifa etterpå (jf. brifing, debrifing). I norsk har brifa jamvel fått tydinga ‘prøva å imponera, kjekka seg’. Det finst folk som brifar i brevform. Me har vel alle lese jolebrev der brevskrivarane greier ut om alt det fantastiske dei har gjort og opplevt sidan sist?

Når folk skriv brev til kvarandre, seier me at dei brevbytest, brevskiftest eller brevvekslar. Mange av brev-orda våre har med slike brevbyte å gjera. Me talar om brev- og besøkskontroll, brevsprekk, brevkurs, kjedebrev og brevvener. Dei som vil nå ut til mange, skriv gjerne lesarbrev eller opne brev. Men dei mest lesne breva må vera apostelbreva i Det nye testamentet.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis