Norsk har vorte kult
Det var nett ein serie som Skam som skulle til for at norsk språk skulle bryta gjennom den nordiske lydmuren, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
Det norske ungdomsspråket vekkjer åtgaum i grannelanda. Skjermdump: NRK P3
samtalen:
Åse Wetås
Direktør i Språkrådet
aktuelt:
NRK-serien Skam har vekt interesse for norsk språk mellom TV-sjåarar i dei nordiske grannelanda.

therese@dagogtid.no
Den norske ungdomsserien Skam har vorte svært populær i Danmark, og til dels i Finland, Sverige og på Island òg. 281.000 danskar har sett serien i haust, skal ein tru tala til NRK, og danske kritikarar hevdar at Noreg og norsk språk no har vorte «kult» i danske augo.
– Kva er det med Skam som gjer at norsk språk brått har vorte så interessant for dei skandinaviske grannane våre?
– Skam er ein nyskapande og god serie. Det at programmet er så knakande godt, får den sideverknaden at det trekkjer merksemda til det norske språket, og det er svært morosamt. Me har litt dårleg språkleg sjølvtillit her i landet, og det er det ingen grunn til at me skal ha.
– Kven skjønar norsk best av danskane og svenskane?
– Det finst ulike studiar av det, men me trur jo at både svenskar og danskar har alle høve til å skjøna norsk på same vis som at me som bur i Noreg, godt kan skjøna dansk og svensk. Målet med arbeidet me gjer med den nordiske språkforståinga, er å få mest mogeleg språkutveksling, slik at me kan halda ved like den nordiske kulturfellesskapen.
– I Skam nyttar jo figurane i serien eit litt utradisjonelt språk, for å seia det mildt. Kva tenkjer du som direktør i Språkrådet om det?
– Skam syner jo fram kvardagsspråket slik det er mellom ungdomar, og der ser me mellom anna ein del engelskspråkleg slang. Danskane har til dømes hengt seg opp i ord som «hooke» og «føkkboy». Så lenge det har funnest ungdom, har slang vorte nytta til å skapa ei identitetskjensle. Me veit at når foreldre og onklar og tanter byrjar å nytta desse orda, så vert dei steindaude i den ungdomsgruppa som nytta dei. Eg er meir uroleg for den massive engelsken som desse ungdomane kjem til å møta når dei går ut i høgre utdaning.
– Ord som «hooke» og «føkkboy» bør altså ikkje inn i ordbøkene?
– Nei, dei kjem nok ikkje inn i ordbøkene, av di dei fyrst og fremst vert nytta i små brukargrupper og ikkje i same grad i skrift; det tyder at dei truleg får kort levetid. Ordbøker er litt atterhaldne med å ta inn slang av di me veit at slike uttrykk snøgt vert utdaterte.
– Danskane har no, på basis av innsende framlegg frå unge danske sjåarar, laga til ei slags ordliste over dei orda frå Skam som dei ikkje hadde nokon nærliggjande ekvivalent av, sidan serien skal gå på dansk fjernsyn i desember. Eg noterer meg at dei nyttar nokså tradisjonelle ord i omsetjingane, til dømes «være sammen med» for «hooke». Er dansk ungdom meir konservative i språkbruken enn norsk ungdom?
– Det er nok ikkje eg den rette til å svara på, men det er verdt å merkja seg at nokre av dei orda som danskane har trunge hjelp til å omsetja, til dømes «kødda» og «dritsekk», er ord som har ein lang tradisjon i norsk. Ein del av orda me oppfattar som ungdomlege slanguttrykk, er eigenleg gamle ord, men som i liten grad har vore tilgjengelege i skrift. Dei vandrar frå ungdomsgenerasjon til ungdomsgenerasjon i munnleg form.
– Kvifor tykkjer danskane og svenskane at det er så vanskeleg å skjøna norsk? Me nordmenn tykkjer jo ikkje at det er særleg vanskeleg å skjøna svensk, til dømes. Forklåringa eg alltid har høyrt, er at det er av di me voks opp med Pippi, Emil og så bortetter. Er det verkeleg så enkelt?
– Ja, eg trur faktisk det er så enkelt, og dersom du ser på korleis straumen av kulturelle uttrykk har vore, så får me svært mykje dansk og svensk gjennom kulturprodukt frå grannelanda våre her i Noreg. Dei vaksne ser på Broen og borna ser på Pippi, og kanskje var det nett dette som skulle til for at norsk skulle bryta gjennom den nordiske lydmuren.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Nokre av dei orda som danskane har trunge hjelp til å omsetja, til dømes ‘kødda’ og ‘dritsekk’, er ord som har ein lang tradisjon i norsk.»
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.