Når staten blir redd

William Pitt (1759–1806) var statsminister i Storbritannia i fleire omgangar.
William Pitt (1759–1806) var statsminister i Storbritannia i fleire omgangar.
Publisert

Den internasjonale terrorismen skaper uro og redsle, og han reiser ein klassisk debatt: Kor langt kan ein demokratisk rettsstat gå for å forsvare demokratiet? Kor langt inn i privatlivet vårt kan politiet gå, med overvaking, kommunikasjonskontroll av ulikt slag og plagsame identitetskontrollar. Kan dei ta, og sensurere, journalistisk materiale dei ser på som mistenkeleg? Debatten går. Innimellom må domstolane sette andre statsmakter på plass.

Historia, og samtida, viser at desse grensene, som skal verne individet mot staten, er tøyelege når staten er forstøkt og redd.

USA innførte tortur under forhøyr etter åtaka på tvillingtårna. Tyskland innførte yrkesforbod for visse jobbar og visse individ for nokre tiår sidan. Å fornekte holocaust er straffbart i Tyskland og Austerrike. Den tunge og skammelege historiske røynsla fortrengjer ytringsfridomen. Under den kaldaste krigen i landet vårt vart yrkesvegar stengde og ytringar knebla om ein var på den galne sida.

Den franske revolusjonen i 1789 var ei skremmande oppleving for det etablerte Europa og for europeiske kongehus. No kunne alt skje.

Edmund Burke sat i parlamentet, der han støtta dei amerikanske koloniane i opprøret deira mot England. Han arbeidde også for å få bort lovene mot katolikkane. Han var ein liberalar som med tida vart meir og meir konservativ og tradisjonsbunden.

Men den franske revolusjonen var uhyrleg og utoleleg for han, og det utløyste hos Burke ein forfattarskap som kom til å bli eit tankegrunnlag for moderne konservatisme. Grunnlover blir ikkje laga. Dei veks naturleg fram. Revolusjonar er berre farlege og destruktive, sa Burke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement