Sport før og no

Mytar om løpetid

Ultraløp på Bislett i 2023: Det har faktisk vist seg at tidsgapet mellom kvinner og menn blir mindre dess lengre eit løp er.
Publisert Sist oppdatert

«Hester damper, menn svetter og kvinner blusser kledelig.»

Det var gammal talemåte, ifølgje boka med den treffande tittelen Løpetid. Boka er skriven av Terje Nordberg i 1984, og her fortel han at det inntil nyleg har vore ein kraftig motvilje mot at kvinner skulle drive med langdistanse:

«... hvis det i hele tatt fantes noen som var i stand til å løpe mer enn 400 meter ble de betraktet nesten som kuriositeter, som hørte hjemme på markedsplasser, sammen med skjeggete danserinner...».

I OL i Mexico i 1968 var den lengste distansen for kvinner 800 meter. Det er ikkje lett å sette fingeren på kva det var som gjorde at kvinner ikkje skulle springe langt. Grunnlaget var ei slags blanding av hormon- og syklusforstyrringar, skadar og fordommar – litt slik som at livmora ramla ut dersom ein hoppa for høgt på ski.

Ein endå seigare myte om kvinner og langdistanse som i enkelte miljø framleis ikkje er avliva, er at ein mistar menstruasjonen av for stor mengde trening.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement