Moskva – det tredje Roma
Tsar Vasilij var den einaste ortodokse herskaren i Moskva.
Foto: Wikipedia
Historia er ei ustabil dame. Ho fartar rundt i tida og geografien og skaper historie her og der, før ho fartar vidare. Ved starten av tidsrekninga vår vandra rabbinaren Jesus frå Nasaret rundt i jerusalemstraktene med flokken sin. Det enda gale med han, og få la merke til kva som hende med han og rundt han. Rabbiar med læresveinar var ikkje uvanleg, ikkje krossfestingar heller.
Lenge etterpå oppdaga ettertida at det var skapt historie der og då, noko få hadde forstått då det hende. Historia sjølv hadde vore der, og tankane som der vart skapte, kom til å forme heile verdsdelar og kulturar.
Nokre hundreår før sette historia djupe spor i Aten, spor mange sidan kom til å følgje.
På Kristi tid dreiv historia mykje på i Roma, verdshovudstaden. Der hadde ho slått seg til i hundreår og skapt historie heile tida. Romarriket var det største og mest velorganiserte riket den kjende verda til då hadde sett, med strålande generalar, juristar og ingeniørar. Det såg ut til at historia hadde lova Romarriket evig liv. Det hadde ho nok ikkje, ho lovar aldri slikt.
At Romarriket braut saman, var meir dramatisk enn vi kan forstå. Men hovudstaden var då flytta, til sundet mellom Middelhavet og Svartehavet, til Bysants. Og keisaren, Konstantin, kalla denne nye praktbyen Konstantinopel, etter seg sjølv. Konstantinopel overtok stafettpinnen etter Roma, som den dominerande byen i den kjende verda, hovudstad i Aust-Romarriket og kyrkjesenter. Konstantinopel vart det nye Roma, det andre Roma, medan det første Roma kom i stort forfall og vart ein ruinby der sauene kunne beite. Det var først paven og kyrkja som fekk Roma på fote igjen.
I mellomtida dominerte Konstantinopel. Og kyrkja vart delt – i ein vestleg romersk/katolsk del med Roma som sentrum og ein gresk/ortodoks del med Konstantinopel som sentrum
I 1453 kom den neste katastrofen. Dei vantru tyrkiske ottomanane la Konstantinopel og det meste av Aust-Romarriket under seg. Det andre Roma, sentret for den gresk-ortodokse kyrkja, var falle i hendene på muslimar, dei vantru tyrkarane.
No var Moskva den einaste gresk-ortodokse hovudstaden som ikkje var under muslimsk velde. Moskva var i stigning som russisk maktsenter, og hadde tatt over leiinga i Russland etter Kiev og Novgorod. No vakna tanken om at Moskva var det tredje Roma. Tanken fekk gjennomslag og kom til å bli sentral i russisk statstenking i hundreåra som kom. Halvor Tjønn skriv om dette i boka om russisk historie frå 2015, Russland blir til. Fra vikingene til Ivan den grusomme. Ei av kjeldene for denne tanken var metropolitten i Moskva, Zozima: «På 300-talet hadde keisar Konstantin den store flytta Roma til Konstantinopel, som dermed vart Det nye Roma. Ivan III er no arving etter keisar Konstantin, og Moskva er det nye Konstantinopel», skreiv metropolitten.
Fleire arbeidde med tanken. Ein munk vart send til biblioteka i Vatikanet for å finne gamle dokument som kunne byggje opp under tanken. Det gjorde han, sjølv om fagfolk i dag meiner at han har skrive dokumentet sjølv. Det skulle gå bra med Russland, Moskva og tsaren: «Og den russiske tsaren vil bli opphøgd av Gud over alle andre nasjonar, og mange heidenske kongar vil bli liggjande under hans makt», skreiv munken, i eigne ord som han tilla eit gamalt og ærverdig dokument.
Å tru rett på Gud og dyrke han på rett måte, var avgjerande og viktig. Abbed Filofej i Jelizarov-klosteret skriv eit alvorleg brev til tsar Vasilij i Moskva, den einaste ortodokse herskaren i verda, og den einaste som dyrka Gud på den rette måten: «Den heilage, økumeniske, apostoliske kyrkja har ikkje lenger sitt sete i Roma eller Konstantinopel, men i den velsigna byen Moskva, som åleine skin over heile denne jorda sterkare enn sola sjølv. For to Roma har falle, men Det tredje Roma står, og eit fjerde skal aldri kome», sa abbeden.
Russland, og Moskva, var noko anna enn resten av verda – eit heilag land med eit heilag folk og ein heilag fyrste, og med ein spesiell posisjon andsynes Gud. Halvor Tjønn meiner at denne trua aldri er blitt borte i den idéverda russarane har levd og framleis lever i. Tankane er å finne hos både Dostojevskij og Solsjenitsyn.
At Moskva nokre hundreår seinare vart det internasjonale senteret for ei verdsomfattande, ateistisk og materialistisk lære, må vel reknast å tilhøyre den humoren, ironien og kynismen historia også viser fram når det passar henne.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?