Frå bridgeverda

Money, money, money

Warren Buffett er eit av dei aller rikaste menneska i verda. Mannen til høgre, Bill Gates, har òg til maldonsalt i maten. Her rundar dei av årsmøtet 2019 i Berkshire Hathaway med eit slag bridge.
Publisert Sist oppdatert

Det er eit faktum at det finst ein del rike menn innanfor bridgen. Her på berget har vi til dømes fotballagenten Rune Hauge, som i årevis har vore den fremste norske «sponsoren», altså ein kjøpar av tenestene til gode bridgespelarar i form av makkerskap og lagspeling.

Eit anna kjent fotballfjes, Martin Andresen, er heller inga fattiglus – og han er god i bridge. Kor rik den medieprofilerte aksjemeklaren Jan Petter Sissener er, veit eg ikkje, men han snakkar iallfall som ein rik mann – og han spelar bridge. Lista kunne ha halde fram. Men akk: Våre heimlege rikfolk blir alle smågutar samanlikna med Warren Buffett.

«Orakelet frå Omaha» har ein formue på rundt 150 milliardar dollar og er såleis blant dei rikaste menneska i verda. Pengane har han i all hovudsak tent på kløktige investeringar gjennom holdingselskapet Berkshire Hathaway. Rett nok er han, som ein slags amerikansk Olav Thon, kjend for ein nøktern livsstil. Han bur framleis i eit forstadshus i Omaha som han kjøpte i 1958.

Nokon stor bridgespelar er ikkje Buffett, han innrømmer ærleg at han bruker bridgen for å slappe av. Då han og mangeårig makker Sharon Osberg greidde å kvalifisere seg til sluttspelet i ei tevling, dikta Buffett opp eit plutseleg styremøte for å sleppe unna presset ved den seriøse konkurransebridgen. Men han har spela mykje og vore ein varm forsvarar av bridge som hjernetrim og øving i analytisk tenking.

Nyleg vart tevlinga Buffett Cup arrangert att for fyrste gong etter koronaen. Opplegget er inspirert av Ryder Cup i golf og var i utgangspunktet eit oppgjer mellom dei beste spelarane i USA og Europa. Men no vil ein ny aktør markere seg som bridgestormakt, og i år gjekk tevlinga av stabelen i Shanghai, altså med USA, Europa og Kina som deltakarar. Heldigvis greidde Europa – godt hjelpt av nordmennene Christian Bakke og Boye Brogeland – å vinne denne gongen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement