JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Merkeordna mat

Kva merkeordningar som får kome i butikken,
er like viktig som kva mat som får merke seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4195
20171027
4195
20171027

Kva merkeordningar brukar du når du handlar mat i butikken? Den medvitne forbrukaren skal vite at vi har nok av symbol som klistra på etikettane skal fortelje oss kva som er ekstra bra med akkurat det produktet. Vi har merkeordningar for mykje fiber og lite feitt, for økologisk produksjon og for god dyrevelferd. Og så har vi eit merke som heiter «Spesialitet».

I dag har 446 produkt dette merket. «Spesialitet-merket viser vei til unike smaksopplevelser», skriv eigaren – stiftinga Matmerk – på heimesida si. Spesialitet skal syne forbrukarane norsk mat og drikke «basert på de beste lokale råvarene og særegne oppskrifter». For å bruke merket må produsentane fyrst søke til Matmerk, som bestemmer om produktet svarar til dei formelle krava. Mellom anna skal ingrediensar og foredling vere norske, og smaken skal vurderast av ein jury. Blant produkta som har Spesialitet-merke, finn vi Salma-laks, Tines Chevre frå Haukeli, Prima Jærens stykningsdelar av gris og Hakkasteik frå Vossakjøt.

Det er ingen tvil om at mange flotte produkt nyttar merket, men forsvarar det eksistensen? Merkeordningar eksisterer for å gjere kommunikasjonen enklare og klarare. For at det skal fungere, er det heilt essensielt at det ikkje vert for mange av dei. Då vert vi forvirra og slitne i staden for hjelpte.

Juridisk vern er best

Stiftinga Matmerk står òg som forvaltar av dei juridiske nemningane. Dei kjenner vi best gjennom utanlandske produkt: Champagne som berre kan produserast i Champagne, Parmesan, Parma-skinke og så bortetter. Men i Noreg har vi òg produksjonsformer så særmerkte at dei gjer seg fortente til slikt ekstra juridisk vern. Enten som ei opphavs- eller verna geografisk nemning, som knyter kvalitetar og eigenskapar ved produktet til eit geografisk område, eller fordi produksjonsmåten tek vare på eit tradisjonelt særpreg.

For å verne produkta vert dei regulerte i ei forskrift. For tida er ei forskrift for setersmør og stølssmør på høyring. Går forskrifta gjennom, må Tine finne nytt namn på produktet dei kallar «Setersmør», sidan framlegget slår fast at «Setersmør/Stølssmør er smør foredlet på seter av syrnet fløte/rømme fremstilt av melk produsert av kyr på seterbeite». Tine ikkje har slike krav til produktet sitt. Det hindrar dei likevel ikkje i å kunne søke Spesialitet-merke på produktet, slik eg les produktkrava.

Eitt døme på merkevarer som er geografisk verna, er Villsau frå Norskekysten. Her slår forskrifta fast at «Mengda av kystlynghei avgjer kor stor besetninga kan vere». Lyng og gras skal vere maten til sauen, og grensa for tilleggsfôr er sett til 20 prosent. Spesialitet-merket stiller ingen slike krav til nærleik til fôrressursane.

Produsentane som nyttar dei juridisk verna nemningane, betaler ei handsamingsavgift for å knyte produktet sitt til forskrifta. Dette er ei anna form for betaling enn Spesialitet-merket nyttar. Der betaler produsenten ei årleg avgift på 8000 kroner for å nytte merket, i tillegg til ein promille av omsetnaden. Kjøper dei seg Spesialitet-merket, eller er dei sertifiserte til det? Matmerk har fram til i år ikkje ført fullstendig oversikt over kor mange som søker, men går ut frå at to av tre produkt kjem vidare til fagjuryen, som igjen godkjenner kring 70 prosent. I år har 40 produkt søkt, og 28 produkt er godkjende.

Ikkje merkelappar

Stadig fleire forbrukarar er villege til å betale meir for stadig fleire og betre lokale produkt. Eg trur vi ser skilnad på lokale produkt og bulkprodukta.

Problemet er at kjedebutikkane ikkje er laga for oss. Der ein i ein gamaldags landhandel – eller ein moderne spesialbutikk – kan spørje ein kompetent landhandlar, pølsemakar eller bakar, står ein i daglegvarebutikken overfor vakuumpakka varer ein ikkje har høve til å smake utan å kjøpe.

Skal ein hjelpe dei kvalitetsmedvitne forbrukarane og produsentane med å finne kvarandre, bør ein sette inn kreftene på å auke kunnskapen i omsetjingsleddet, og ikkje på merkeordningar som forvirrar kjøparane og fordyrar produkta.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ingen tvil

om at mange flotte

produkt nyttar

merket, men

forsvarar det

eksistensen?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis