Krokbøygde folk kan ha ein ubøyeleg vilje. Om dei finn ut at dei ikkje vil bøya seg for den eller den, so bøyer dei seg ikkje. Nei, dei vil mykje heller ta knebøyg på treningssenteret enn å bøya kne for fienden. Men vil dei tøya ut? Bøya og tøya er rimord («bøy og tøy!») med so å seia motsett tyding. Det har ordtakmakarane visst å utnytta: «Stutt må tøya seg; langt må bøya seg.» «D’er ingen so lang, han ei må tøya seg, og ingen so låg, han ei må bøya seg.»
Bøya (norr. beygja) er eit nedervt verb med former som svensk böja, dansk bøje og tysk beugen. Granskarane meiner at ordet opphavleg tydde ‘få til å bøya seg’. Eller sagt med andre ord: Dei meiner at vårt bøya i utgangspunktet var kausativ til eit sterkt verb som tydde ‘bøya’, på same måte som leggja er kausativ til liggja (leggja = få til å liggja), og fella er kausativ til falla (fella = få til å falla). Bøya er elles i ætt med substantiva bøyg, boge, baug (‘ring; linning’ ofl.), bøyel, bøyle og verbet bukka. Tilbøyeleg har kome inn i norsk frå dansk.
Bøygen var i folketrua eit ovstort og jamnast usynleg vette som var kaldt og sleipt og på skap som ein orm. Per Gynt møtte ein slik bøyg, og det hender at me i dag nyttar bøyg om ulne vanskar og hindringar. Men me kan òg bruka bøyg i tydingane ‘det å bøya’ (jf. knebøyg) og ‘bøygd tilstand, boge’, jamfør «vegen gjekk i bøygar og krokar». Nokre emne toler bøying betre enn andre. Dei har stor bøyingsstyrke. Mange av orda våre har slik styrke, for me gradbøyer og samsvarsbøyer og terpar bøyingsmønster i eitt køyr – utan at orda tek skade av det. Me tek etter latinen når me nyttar bøya soleis. Det latinske verbet declinare har lenge vore nytta om å bruka eller rekna opp dei grammatiske formene til eit ord, men grunntydinga er ‘bøya (av), koma bort frå’.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.