JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Mat i farten

Det er få stader det er vanskelegare – og dyrare –
å vere sunn enn langs vegen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg kjøper bollar på Bolleland på Shell-stasjonen Espa Servicesenter. Seinast i mars skreiv fire statsrådar under på ein handlingsplan for eit sunnare kosthald.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

3916
20170428
3916
20170428

Dei ropar mot deg langs vegen, skilta: «Ekte håndverkerpølse – 39 kroner.» «Ostegrill med biter av Jarlsberg – kun 15 kroner.» «Påskebolle med sjokolade og vaniljekrem – tre for 29 kroner.» Og sjølvsagt: «Wiener for en tier.» Det største uromomentet då Statoil vart seld til kanadiske Couche-Tard, og stasjonane fekk namnet Circle K, var ifylgje dei sjølve om wienertilbodet skulle vare ved. Det skulle det sjølvsagt.

Der sit du, i bilen, og keiar deg. Du har sete der nokre timar, det er nokre timar att. Det monotone hovudet kan du døyve med musikk, ei lydbok eller ein podkast, men den monotone kroppen – stillesittinga – er ikkje like god å døyve. Ein får lyst til å gjere noko, eit eller anna, om det no berre er å føre ei hand opp og ned til munnen, putte noko inn, tygge på det, kjenne smaken, svelgje ned – og gjenta. Ikkje fordi ein er svolten, men fordi det er noko som skjer.

Difor et du, medan du køyrer. Sjølvsagt planlegg du det ikkje – denne gongen skal du jo stå imot. Ta med niste til eit måltidsstopp, kanskje, men ikkje gje etter for trongen til å småete.

Så hamnar du der, då. På bensinstasjonen, med ein bolle eller ei pølse. For det er det du får kasta mot deg, det er det som er billeg, raskt og enkelt. Må det vere slik?

Vil, men får ikkje til

For eigentleg vil jo absolutt alle gjere Noreg sunnare. Sjølvsagt vil dei det. Seinast i mars skreiv heile fire statsrådar under på ein uvanleg poetisk handlingsplan for sunnare kosthald: «Den handler om å gjøre det litt lettere å velge sunt. Den handler om å gjøre det vi velger, litt sunnere», skreiv dei. Og dei som sel maten, kastar seg på. Sjølvsagt vil daglegvarekjedemogulane gjere Noreg sunnare. «Vi vil selge mer av det gode, mindre av det usunne», skriv Norgesgruppen. I desember i fjor skreiv dei under ein avtale med Bernt Høie om å bidra til at nordmenn får i seg mindre salt, sukker og metta feitt. «Vi bør spise mer grønnsaker, mer fisk og sjømat, mindre salt, mindre sukker og en større andel umettet fett i forhold til mettet fett, og matbransjen har kanskje det største ansvaret av alle», skriv Reitan-eigde Rema 1000.

Har dei gløymt dette når dei planlegg menyane på bensinstasjonane sine? For ja, dei har fingrar med i spelet der òg: Reitan styrer Uno X og 7-Eleven hos Shell, Norgesgruppen driv Esso-stasjonar.

Kva dei utanlandske eigarane meiner, er ikkje godt å seie. (Til dømes skal irske DCC overta alle norske Esso-stasjonar i løpet av 2017.) Det spelar elles lita rolle kor ein handlar: Tilbodet er det same. Her finst sunn mat, men han kostar. Ein liten plastboks med frukt eller små gulrøter kostar det same som to pølser eller tre bollar. Circle K på Berkåk i Sør-Trøndelag, som tok sølv i NM i sunn fast-food 2016, har til og med salatbar. Her er prisen 18 kroner per hekto, monaleg mykje høgare enn i daglegvarebutikkar. Mest truleg er det altså ganske god profittmargin på dei sunne alternativa.

Med andre ord betaler dei som kjøper sunn mat, for dei som kjøper usunn mat. Er det rettvist? Det gjer det i alle høve ikkje lettare å velje sunt.

Bøy og tøy i staden?

For sjølv om det å ete seg mett handlar om meir enn kaloriar, handlar det i stor grad om nettopp prisen på ein kalori – sidan mykje av maten ikkje inneheld særleg mykje anna enn kaloriar, meiner eg. Prisen på éin kalori i ei wienerpølse til ti kroner er 7 øre. Ein fruktkalori er meir enn fem gonger dyrare: 37 øre.

Veksten i sal på bensinstasjonar og kioskar har ikkje vore like stor som i resten av næringa. Mykje av årsaka er auka opningstider i daglegvarebransjen. Førebels er det ein like grei stad å døyve keisemda. Gulrot, druer, cherrytomatar og fiskekaker fungerer faktisk like bra som bollar og pølser. Eventuelt: Ta deg ein pause med femten knebøy.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med andre ord

betaler dei som

kjøper sunn mat,

for dei som kjøper

usunn mat.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis