Maria Magdalena
Målarstykke av Paolo Veronese som skildrar då Maria Magdalena konverterte.
Foto: Wikimedia Commons
Arnulf Øverland har skrive ei novelle om då djevelen slutta å gjere vonde gjerningar. Djevelen går rundt på jorda ein søndag føremiddag og høyrer kva prestane talar om på preikestolane. Og dei seier forferdelege ting om han. Og han blir forferda over det han høyrer. Han hadde i grunnen godtatt at det var som det var, når han var den vonde. Men no forbannar han seg på at det skal bli annleis. Han skal slutte med djevelskapen.
Han dreg heim til Helvete og opnar portane. Dei innestengde dreg då straks til himmelporten og vil inn, trass i at dei er blitt avviste der. St. Peter er streng og held på sitt, men jomfru Maria er mjuk og bed for dei. Det går bra for dei fleste, til Maria Magdalena kjem. Då set ho foten ned: «hun skulle ikke ha inn en slik en som fløi ute om natten og gjorde gjerninger med apostlene og kanskje tenkte på å bli svigerdatter i huset».
Her har Øverland hengt seg på ein skiten, historisk rykteflaum som har sverta ettermælet til Maria Magdalena. I evangelia er ho sentral. Ho er der det skjer, på Golgata og ved grava påskedagsmorgonen. Ho er den første som møter den oppstadne Jesus. I evangelia er ho omtala fleire gonger enn dei fleste apostlane.
Det var to problem med dette. Eitt evangeliefragment fortel om eit oppgjer i apostelflokken etter at Jesus er faren til himmels. Peter er sint og sjalu fordi det anar han at Maria stod Jesus nærare enn til og med han var. Det er sårt, og han gjev henne ei skikkeleg overhøvling. Ho blir lei seg, og Andreas må gå imellom og roe Peter.
Det andre problemet var den tidlause folkefantasien. Jesu flokk var sterke, unge menn som gjorde underlege ting. Og det var også unge kvinner der, deriblant Maria Magdalena. Kjønnsdrifta er tidlaus og kjend i alle samfunn. Ho har ein tvilling: fantasien om og interessa for seksuallivet til andre menneske. Underhaldningsindustrien har alltid levd godt på desse tvillingane. Det skjedde nok ting i og rundt disippelflokken, som andre stader der ungdom møtest og gjer store ting. Og dermed var historia i gang. Og Maria Magdalena fekk eit seksualliv.
Det er fleire kvinner som er omtala i evangelia, fleire av dei heiter Maria. Ettertida sleit med å halde dei frå kvarandre. Lukas omtalar ei kvinne som hadde levd eit syndefullt liv og hadde sju vonde ånder buande i seg. Jesus dreiv ut desse åndene og reiste henne opp. Så blir ho borte. Kanskje.
På sekshundretalet slo pave Gregor den store fast at denne kvinna var Maria Magdalena. Ho hadde fått eit seksualliv, ei fortid som prostituert. Tanken var ikkje ny. Kyrkjefedrane Ambrosius og Augustin hadde begge tidlegare avvist han. Og mellomalderteologen Thomas Aquinas prøvde til fånyttes å få punktet ut av kyrkjelæra. Først i 1969 frigjorde pavestolen Maria Magdalena frå denne lumre fortida ved ei kalenderreform, fortel Wikipedia.
I den norrøne preikesamlinga, den gamalnorske homilieboka, er ho omtala som Jesu ektefelle. Fleire tradisjonar fortel at ho hadde barn med Jesus. Éin tradisjon fortel at ho, saman med Lasarus og borna ho hadde med Jesus, drog til Provence, som dei så kristna. Der slo dei seg ned i ei grotte. Der vart det sidan reist ei valfartskyrkje, til minne om kristningsverket hennar i Frankrike. Denne kyrkja vart riven under den store revolusjonen. Der kom ho også til å grunnleggje det som sidan vart det franske kongehuset.
Maria Magdalena har vore ein trufast leverandør til folkefantasien og til ulike kunstnarlege ytringsformer. Ein av dei store bestseljarane på bokfronten i nyare tid er Dan Browns Da Vinci-koden. Der har Maria, den tvilsame fortida hennar, samlivet med Jesus og bragdene hennar i Frankrike fått ein romsleg plass. Ho står framleis til teneste.
Det er vondt å finne noko som helst grunnlag for dette i evangelia. Der står ho fram som den sentrale kvinna, ved sida av Jesu mor. Ho var hos Jesus i nederlaget, på Golgata, og triumfen, påskedagsmorgonen.
Å prakke på henne ei tvilsam fortid kravde tungt arbeid i dei mørke krokane i menneskesinnet der den lugubre fantasien regjerer.
Og han har alltid vore til å lite på.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?