Ord om språk
Mange om beinet
Mat, pengar og mangt anna me sopar i hop, har det med å verta borte att: «Det minkar på mengda når det dreg i lengda.» Men den mangslungne ordmengda vår ser ut til å halda seg godt. Ja, nokre ord går ut or bruk, men jamt og samt kjem nye til. Me har rett mange å velja mellom! Den som kan både nynorsk og bokmål og andre mål attpå, er mestsom mangemillionær i språkvegen.
For mange år sidan kom forma mangr susande og skubba norrønt margr (‘talrik, mykjen’) ned frå trona. Men heilt borte vart margr ikkje. Aasen fann leivningar av forma då han granska målføra. I Telemark kunne folk finna på å seia margment (jf. mangment, og i Hardanger høyrde han forma marfreisten (jf. mangfreisten ‘som freistar mykje, tiltaksam’). Islandsk held på margur, og færøysk har både mangur og margur (t.d. mangt og margt ‘likt og ulikt’). Elles er former med n det vanlege, jamfør dansk mangen (av mang en), svensk mången, engelsk many og tysk manch(er).
Mang og avleiinga mengd kjem av ei rot me ikkje veit so mykje om, anna enn at orda som er runne av henne, plar tyda ‘samling av noko’, ‘tal’, ‘storleik’ og liknande. Vårt mang er ikkje beint fram mangtydig, men det har eit drag som me radt ikkje tenkjer over: Når me nyttar det i eintal saman med eit substantiv, lyt me ha med den ubundne artikkelen: mang ein gong, mang ei jente, mangt eit godt ord. Inkjekjønnsforma mangt kan òg stå åleine: «Me hadde mangt å tala om.»
I mangtal (eit godt ord for ‘fleirtal’) er det mange som gjeld, anten ordet står i lag med eit substantiv eller ikkje: «Dei vart mange til bords.» «Eg såg mange andre der.» «Mange bekker små gjer ei stor å.» Mange av oss nyttar dessutan mange i tydinga ‘mykje’: «Hen har mange pengar.» «Mange takk!» «Klokka er mange.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.