Lovnad om landlov

Publisert

«Lova og ljuga er liten kunst», seier ordtaket. Ja, me har vel alle røynt at «d’er lettare å lova enn å halda», og nokre har kome fram til at «d’er betre å inkje lova enn ille halda». Det finst òg tilfelle der me spør om lov etter at me har gjort noko, endå me veit at me helst skal spørja om lov fyrst.

Både substantivet lov («spørja om lov») og verbet lova skal vera runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘ha kjær’. Denne rota har gjeve oss ei rad germanske ord, mellom anna eit adjektiv som truleg har hatt forma leuba (‘kjær’). Frå dette adjektivet kjem norsk ljuv (‘herleg; yndefull; mild’, jf. òg ljuvleg og bokmål liflig) og tysk lieb (‘kjær’), som ligg til grunn for substantivet Liebe (‘kjærleik’). Norsk lov («spørja om lov») høyrer òg i hop med dette germanske adjektivet. Ordet skal ha hatt grunntydinga ‘kjærleg innstilling’, som seinare har endra seg til ‘samtykke, løyve’. Ordet løyve høyrer òg til denne ætta, i lag med engelsk leave (‘fridom til å gjera noko, permisjon’) og sistelekken i tysk Urlaub (‘lov til å vera borte frå arbeidet, ferie’). Lov kan tyda både ‘løyve’ og ‘mellombels fritak’, jamfør samansetjingar som heimlov, månadslov og landlov.

Orda lov, lova og løyve er elles i ætt med låneordet løfte (‘lovnad’) og det vidgjetne engelske ordet love (‘kjærleik’). Når me er «in love», kan me finna på å drøyma om truloving og truskapslovnader og lovprisa den eller dei me er forelska i. Det lov-ordet som står fremst i ord som lovprisa, lovsong og lovord, er det same som i vendingane «takk og lov» og «gud skje lov» (el. gudskjelov), og dette ordet er i utgangspunktet det same ordet som lov (‘samtykke, løyve’). Verba lova (‘prisa’, t.d. «Gud vere lova») og lova (‘gjeva lovnad om; gjeva varsel eller von om’, jf. lovande, «lova godt») er òg opphavleg same ordet. Det å prisa nokon eller seia seg viljug til å gjera noko, vitnar om ei kjærleg innstilling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement