Ord om språk
Løn som fortent
«Lita løn og tung teneste høver ille i hop», seier ordtaket. Likevel ser me gong på gong at trottuge arbeidsfolk vert lønte dårleg. Dei slit helsa av seg for luseløn eller svelteløn, medan andre sit i sokkeleisten på eit lunt kontor og får toppløn for å meina ting. Lønsslavane må vera tøffare i lønsforhandlingane, kunne me ha sagt. Men mange har røynt at det ikkje løner seg å stilla krav og stå på sitt.
Sameleis har mange fått sanna at «utakk er verdas løn». Eller med bokstavrim: «D’er vantakk som verda løner med.» Stundom hjelper det ikkje med takk heller, for me kan ikkje setja takka inn på lønskontoen og kjøpa mat og greia rekningane med henne. Me nyttar jamnast løn om pengar, same kor mykje eller lite me får i løningsposen. Har det støtt vore slik?
Mykje tyder på at løn (norr. laun) opphavleg viste til noko ein får eller vinn ved særskilde høve, til dømes i krig, tevling eller jakt. Me har framleis løner som liknar på det, til dømes finnarløna. Det er ei påskjøning for ein dåd snarare enn betaling for utført arbeid. Bokmålsorda belønne og belønning er vel litt i same gata?
Kva tid me tok til å nytta løn om meir eller mindre regelfast godtgjersle for arbeid, er ikkje godt å seia. Trenamnet løn (el. lønn) og bokmålsordlaget «i lønn» (‘i det løynde’) heng ikkje i hop med løn, jamvel om det radt er lønsamt å fella lønetre «i lønn».
Det å vita at ein får løn for strevet, gjev kveik i seg sjølv: «Von om løn gjer verket lett.» Mange ungdomar hjelper meir til heime når dei vaksne lokkar med vekeløn. Kan henda er syskenflokken oppteken av at lønssystemet skal vera rettvist, med lik løn for likt arbeid. Det er mykje merksemd og strid om lønsvilkår elles òg. Dei store ordskifta om diktarløn og æresløn ligg kan henda attom oss, men folk har sterke meiningar om borgarløn, etterløn, sjukeløn og lønsoppgjeret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.