Livet etter døden
Purgatoriet: Illustrasjon til Divina Commedia av Dante Alighieri.
Døden avsluttar livet og har så gjort i all historisk tid. Han er kompromisslaus i si ferd og sine krav, og menneska har gjennom tusenåra gjort mykje for å mildne nådeløysa hans. Mange kulturar har forteljingar om menneske som lenge heldt han unna, og som vart eventyrleg gamle. Stamfedrane i Det gamle testamentet vart fleire hundre år gamle, eldst Metusalem som nådde ein alder på 969 år. Men så var også hans tid ute.
Det at alt er slutt, har vore ein tanke som har vore vanskeleg å akseptere. Slik kan det ikkje vere. Det er for urimeleg.
Og så har livet etter døden dukka opp. Døden er berre ein overgang til eit anna liv, på den andre sida.
Dette er dei fleste religionane stor sett samde om. Kristendommen har sine to inngangar på den andre sida av døden: gullgatene i Guds himmel for dei truande og evig fortaping i eldpølen for dei vantru. Slik var også tanken i jødedommen, slik evangelia fortel. Den rike mannen hamna i fortapinga, medan Lasarus kom til Gud. Islam har same skiljet. I himmelen deira skal martyrane bli spesielt godt tatt vare på. Dei vantru får heller ikkje der nokon plass. Våre norrøne forfedrar meinte at heltane, dei som fall i strid, kom til det gode liv med Odin i Valhall, medan andre kom til dødsriket, til Nivlheim. Grekarane hadde sitt dødsrike, regjert av Hades, med Karon som ferjemann dit.
Livet var ikkje slutt. Det hadde berre skifta form og arena.
Denne tanken om livet etter døden kom også til å forme tankane om livet før døden. Det var livet vårt og vala våre i dette livet som avgjorde kva lagnad vi skulle få i det evige neste livet. Bak døden ville vi møte konsekvensane av det jordiske livet vårt. Det var eit ansvar som kunne kjennast tungt.
Med sekulariseringa har tanken på livet etter døden tapt terreng på våre kantar. Ei alvorleg sak var at Copernicus og etterfølgjarane hans stengde den fysiske himmelen. Det var ingen sjuande himmel der oppe, der Gud og englane hans heldt til. Der var det berre eit uendeleg himmelrom. Når vi framleis feirar Kristi himmelfart på ein fast dag i året, er det vanskeleg å forklare kva vi feirar. Det fanst ingen himmel å fare opp til. Og framståande teologar gir ut bøker der dei slår fast at dei ikkje skal til himmelen.
Og helvete, den andre bustaden i æva, er sterkt problematisert. Mange, sjølv folk som reknar seg som truande kristne, meiner at noko slikt ikkje finst. Helvete er sterkt omdebattert, også blant kristne.
Himmel og helvete er ikkje det dei var.
Samtidig er det skapt sterke politiske og pseudoreligiøse rørsler som har avskaffa livet etter døden, i alle fall gjort det uinteressant. Både kommunismen og nazismen var opptatt av paradiset, men dette paradiset var her på jorda, ikkje ein verestad som venta på oss etter døden. Livet etter døden var ikkje eit tema hos dei to.
At dei så begge kom til å leggje etter seg eit fullgodt jordisk helvete då dei fekk prøve seg på røyndommen, endrar ikkje dette. Helvetet deira var jordisk, som det lova paradiset også var det.
Mange av tankane som er forma dei siste hundreåra, har vore lite interesserte i livet etter døden. Derimot har dei fokusert sterkt på livet her på jorda.
Nasjonalismen la vekt på nasjonen og folket, identiteten og kreftene der. Han var jordisk.
Romantikken la vekt på det jordiske individet, skaparevna og voksterkreftene det hadde, også desse kreftene i kollektivet.
Kapitalismen la vekt på økonomi, på økonomisk vokster og å byggje og skape nødvendig kapital.
Sosialdemokratiet ville stegvis skape gode og trygge liv for folket. Og dette livet var her på jorda.
Liberalismen var opptatt av fordelinga og utøvinga av den politiske makta. Gud var ingen faktor i tenkinga om maktspelet, sjølv om kyrkja hans kunne vere å sjå der.
Tanken på livet i æva, livet etter den jordisk døden, finst framleis. Men han er ikkje lenger ålmenneige på våre kantar, slik han var for ikkje lenge sidan.
Han er fortrengd av nykomne tankar om det jordiske livet.
Og døden blir då han som sløkkjer lyset når framsyninga er over. Noko framhald i nye lokale lovar han ikkje lenger.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB