JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Limonade

Den gamle sitrondrikken lever no eit rettslaust tilvære. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gatedrikk: Å selje limonade på gata har lange tradisjonar, men akkurat dette designet er nok temmeleg nytt.

Foto: Missvain / Wikimedia Commons

4133
20230915
4133
20230915

Har du høyrt om qatarmizat? Nei, kva det jødiske samfunnet i Kairo drakk på 1200-talet, er nok ikkje kvardagskunnskap i dag, men så langt attende går faktisk ideen om å blande vatn, sitrusfrukt og søtstoff til ein forfriskande drikk.

I dag kallar vi drikken for limonade, men sjølv ikkje det er noko vi har kome på i nyare tid: Ifylgje internettet kan den fyrste limonaden med det namnet daterast og stadfestast så nøyaktig som i Paris 20. august 1630. Akkurat kvifor den datoen er vald, finn eg ikkje kjelder på, så vi får kanskje ta det med ei klype sukker – utan at vi dermed treng tvile på at barokkens franskmenn var glade i drikk laga av søta sitronar.

Salet av limonade gjekk føre seg på gata – seljarane hadde drikken i ein tank på ryggen. Og i 1676 organiserte limonadeseljarane seg i foreininga Compagnie de Limonadiers.

Det som kanskje er ei nyare oppfinning, er å blande alle moglege andre frukter i limonaden og halde fram med å kalle det limonade. I norske daglegvarebutikkar inkluderer det mellom anna pasjonsfrukt, jordbær og bringebær.

Oppheva forskrift

Ei av årsakene tl dette er kanskje at limonade er ein av få fruktdrikkar som er att, som ikkje er strengt regulert. Ein fruktjuice må bestå av berre det: juice pressa av frukt eller bær og eventuelt fruktkjøt. Ein eplemost må vere eplejuice utan tilsett sukker, og ein fruktnektar er eit produkt av fruktjuice tilsett vatn og søtstoff. Men det er ikkje lenger noko i norsk lov som definerer kva ein limonade er og ikkje er.

Eg skriv lenger fordi limonade hadde sitt heilt eigne kapittel i Forskrift for vegetabilske konserver. Denne forskrifta vart oppheva frå 2016.

No kan det diskuterast kor konkret det som stod der, var: Definisjonen, «Limonade er i disse forskrifter en drikkferdig vare som er fremstilt av vann, naturlige uttrekk av frukt-, bær- eller grønnsaker, med eller uten tilsetning av sukker», set ikkje store avgrensingane på framstillingsmåte. Men forskrifta sa at produsenten ikkje måtte bruke verken bilete av eller namnet på ei frukt eller eit bær dersom innhaldet av det var under 8 gram råsaft per 100 gram produkt.

Skal tru om produsentane har halde på den innstillinga, sju år etter?

Lite bær

Rema 1000 sel to variantar av limonade, begge produserte av spanske AMC Natural Drinks for norske Bama, men seld som Remas eiga merkevare. Begge variantane inneheld sitron, men der den eine har fått namnet Limonade med sitron og pasjonsfrukt, heiter den andre berre Limonade med jordbær. Fyrstnemnde er grei nok: 15 prosent sitronjuice med fruktkjøt og 9 prosent pasjonsfruktjuice er nok innanfor den gamle forskrifta. Jordbærvarianten er meir usikker: 12 prosent jordbærpuré seier lite om kor mykje råsaft det er i limonaden. Innhaldslista omset vidare jordbærprosentane til seks jordbær på ei literflaske. Det verkar lite for eit bær som dominerer marknadsføringa i både namn og bilete.

Bama produserer limonade også for Norgesgruppen: Meny og Spar sel limonade under merkenamnet Jacobs Utvalgte, men også her er det Bama som står bak. Og her er det to variantar: ein klassisk sitronlimonade og ein bringebærvariant.

Sitronvarianten held seg godt innanfor det gamle 8-prosentkravet, med 16 prosent sitronjuice og fruktkjøt i tillegg – her kan du vente deg god og frisk sitronsmak. Men literflaska med bringebærlimonade har ikkje fått påspandert seg meir enn sju fattige bringebær. I prosent vert det 5, altså burde ikkje – om vi skal halde den gamle forskrifta som moralsk standard – bringebær vere nemnt her, verken i tekst eller med bilete.

Til slutt: Kva skal vi eigentleg seie om limonade som produktkategori? Det er verdt å merke seg at når du betalar 35 kroner for ein liter limonade, betalar du for godt over halvparten tilsett vatn og over 10 prosent tilsett sukker. Med andre ord er så lite som ein fjerdedel av det du betalar for, frukt eller bær.

Det er slik limonade er og alltid har vore, men der flaskene gøymer seg mellom dei mykje meir fruktreine juiceflaskene, kan du godt vere klar over at produkta er langt frå så like som innpakningane.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis