JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Lapskaus

Lapp saman eit lam til middag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sauer på stien inn til Musvold seter i Rondane.

Illustrasjonsfoto: Solveig Vikene / NTB scanpix

3775
20170324
3775
20170324

Så er det snart den tida att, våren – og vårens vakraste eventyr: lamminga. Om lag to millionar lam kjem til å verte fødde dei neste to månadene kringom i Noreg. Samstundes ligg 1200 tonn kjøt av sau og lam og frys på reguleringslager. Er det overproduksjon eller er det undersal? Formuleringa er stolen frå småbrukarlagsleiar og sauebonde Merete Furuberg, som er ganske klar på kva ho meiner: «Bonden får ikke solgt et produkt som forbrukerne ikke finner i butikkhyllene.»

Produksjonen av sauekjøt har auka dei siste par åra, særleg etter at det såkalla kvalitetstilskotet for lammekjøt vart vedteke auka i jordbruksforhandlingane. Samstundes er importen stabil; han ligg på kring 1000 tonn.

Islendingane et meir

Kvar nordmann et i snitt fem kilo kjøt av sau og lam i året. Til samanlikning et kvar islending tjue kilo fårekjøt. Dei et noko meir kjøt enn vi et til saman, men monaleg mindre svin og storfe. Kva er det som gjer at såpass mykje mindre sauekjøt finn vegen til butikkhyllene, bereposane og middagsborda i Noreg? Jau, skilnaden er at vi stadig vekk et svin, storfe og kylling utan å vere klar over det. Vi et pølser, burgarar, gryter og ferdigmat med kjøt utan å tenke over kva dyr det eigentleg er vi hiv i oss. Det er sjølvsagt ikkje ein praksis denne spalta støttar, eller meiner skal overførast til fåreverda. Kjøt ligg øvst i næringspyramiden, og bør etast med varsemd og medvit. Når vi slaktar eit dyr, må vi ete alle delane av dyret, på beste måte nytte alle næringsstoff og ikkje minst innsjå at vi ikkje treng enorme mengder kjøt. Har du godt kjøt, har du eit så smaksrikt råstoff at du kan nytte det i små dosar til å bygge opp under større kalorimengder av andre råvarer, som til dømes potet.

Der er det lapskausen kjem fram i lyset: Dei mindre attraktive delane av dyret – delane som må kokast i timevis, men som til gjengjeld får ein smaksrikdom biff og filet aldri kan få – hiv vi i lapskausen, som ikkje er så norsk som vi trur; både namnet og retten kjem frå Tyskland. Lapskausen set vi saman av sjenerøse mengder potet, gulrot, kålrot og andre rotfrukter som helst skal koke lenge, og ei eller anna form for kjøt. Så er det berre å koke, koke og nyte.

Fråvær i ferdigrettar

Ein skulle tru at eit smaksrikt kjøt som lammekjøt ville passe perfekt i ei ferdigutgåve av lapskaus. For slike finst, i opp til fleire utgåver. Ein skulle tru at ei samvirkeverksemd, som har som formål å skape høgast mogleg inntekt for eigaren, ville sjå dette. Ei slik verksemd, som sel ein slik ferdigrett, er Fjordland, med produktet Lys Lapskaus. Men denne lapskausen inneheld 14 prosent norsk svinekjøt, salta og røykt – ikkje ein smule fårekjøt.

Det same er tilfelle for Norgesgruppen-eigde Fersk og Ferdig: 18 prosent norsk svinekjøt, ei rekke tilsetjingsstoff og null prosent lam eller sau, sjølv om Norgesgruppen elles går i front for meir får til folket.

best å koke sjølv

Best er det sjølvsagt å kjøpe råstoff og koke sjølv. Ingen kan mislukkast med lapskaus, og frose, salt lammekjøt er å få tak i, men sporadisk, og altfor sjeldan. Dessutan er det ikkje alltid tid til slikt. Sist, men ikkje minst er det alt i alt få ferdigrettar som verkar meir fornuftige enn lapskausen frå Vossakjøt. Han er berre å få kjøpt innpakka i ei gjennomsiktig plastpølse. Ingen «papp i plast i aluminium», med andre ord. Sidan innhaldet er synleg, ser du ser kva som hamnar i gryta – ikkje eit styla fotografi. Hovudingrediensen er lettsalta fårekjøt, følgt av potet, gulrot, kålrot, lauk, buljong og pepar.

Kjøper eg lapskaus frå Fjordland og Fersk og Ferdig? Nei takk, eg labbar over til lapskauspølsa frå Vossakjøt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein skulle tru at eit

smaksrikt kjøt som

lammekjøt ville

passe perfekt i ei

ferdigutgåve av

lapskaus.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis