Kvinnekuppet på Utsira
Aasa Helgesen var ordførar på Utsira i 1926–1928.
Historia er full av tilfeldige årstal. Ho ser ut til å fordele hendingar rundt på årstala utan nokon tydeleg plan, stort og smått om kvarandre.
Kloke folk har rettnok brukt mykje krefter på å finne mønster i historia, lange liner eller kva no mønsteret blir kalla. Det finst også dei som har brukt mykje tankekraft på å finne ut kvar historia har tenkt seg, kva framtida vil ha å by oss. Historia sjølv ser ut til å ta slike tankebygningar med sinnsro, både dei som lagar mønster i fortida, og dei som lagar mønster for framtida. Tankar som var god historietenking for hundre år sidan, er i dag museale. Samfunnssystem som kjende framtida og som skulle føre oss dit, ligg i dag i ruinar.
1925 er eit av desse tilfeldige årstala der sentrale aktørar sette spor. Lenin var akkurat død. Adolf Hitler var akkurat sett i fengsel, dømd for ølstovekuppet i München. Einar Gerhardsen var eit par år før vald til sekretær i Det norske Arbeidarparti. Og på Bryne hadde dei akkurat starta ein ny skule: Rogaland landsgymnas.
Midt i denne globale og lokale dramatikken sette kvinnene på Utsira i gang eit opprør som fekk menn til å skjelve og riste på hovudet. Kvinnfolk!
Etter folketalet er Utsira den minste kommunen i landet, 221 innbyggjarar i 1988. Ingen tettstader, står det i leksikonet. Det var politisk strid på Utsira. Mange meinte at dei tolv mennene i heradsstyret hadde oppført seg dumt i ei sak om skattlegging. Dei hadde oppført seg som ein gjeng med kvinnfolk, vart det sagt. Ein innflyttar høyrde dette. Han reagerte med å sette opp ei rein kvinneliste til valet, stort sett fylt med konene til karane i heradstyret.
Det gamle styret stilte også til val og rekna med å bli attvalde. Så skjedde ikkje. Det nye heradsstyret vart éin mann og resten kvinner.
Det vart skandale. Folk var i harnisk, og ukvemsorda hagla. Det vart sendt brev til fylkesmannen med krav om omval, til inga nytte. Valet var lovleg gjennomført.
Valresultatet vart halde hemmeleg ei veke. Då Haugesund Avis omsider skulle skrive om valet og det skammelege resultatet, fekk dei ein telefon om å la det vere. Det hjelpte ikkje.
Aasa Helgesen vart ordførar, den første kvinnelege ordføraren i landet, visstnok også i Europa. Ho var innflyttar, frå Marnadal, jordmor og gift med ein fiskar og småbonde. Dei hadde åtte born.
Skjørteregimet på Utsira, i Noregs minste kommune, langt ute i havet, vart lagt merke til både i Noreg og i utlandet.
Etter det som blir fortalt, var dei få innbyggjarane betre nøgde med dette kvinneregimet enn med det skandaliserte gamle gubbeveldet. Og kvinnene sat og regjerte den treårige perioden ut.
1925. Det var 70 år sidan Camilla Collett gav ut Amtmandens Døttre, og Camilla hadde no vore død i 30 år.
Og det skulle gå 56 år før vår første kvinnelege statsminister, Gro Harlem Brundtland, steig fram på Slottsplassen med den sterkaste kvinnerepresentasjonen ei norsk regjering nokon gong har hatt.
Historia har gått eit stykke sidan åttebarnsmora Aasa Helgesen, mot sin vilje, vart ordførar for Noregs minste kommune. I dag sit kvinner på sentrale kommandopostar i landet vårt, for ikkje å seie i Europa.
Og ein frilansjournalist på Finnøy i Ryfylke, Hjørdis Halleland Mikalsen, har funne fram til Aasa Helgesen og sit og skriv bok om henne, med stipend frå fagbokforfattarane. Journalistyrket er blitt eit kvinneyrke, eit av dei mange det siste hundreåret.
Historia har mykje å fortelje, om ein ser etter.
Denne gongen er det Øyposten, lokalavisa på Finnøy, som har funne fram til Aasa Helgesen og Hjørdis Halleland Mikalsen og fortel historia om dei, som er ein del av historia om siste hundreåret.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.