Kven er historikaren?
Ernst Sars var ein dominerande og omstridd historikar på 1800-talet.
Foto: Wikipedia
Historieskriving i vår meining av ordet starta i antikken, i Hellas og i Roma. Store antikke historikarar ruvar framleis, som Herodot og Tukydid i Hellas, Livius, Sallust og Tacitus i Roma. Desse historikarane åtte lenge den autoritative sanninga om tida dei skreiv om. Antikken var idealsamfunn.
Men etter kvart tok historikarane i bruk mange andre slag kjelder, som arkeologiske funn, samtidige tekstar av ulikt slag, lover og andre juridiske tekstar. Og kjeldene fortalde andre historier. Utgravingane i Pompeii, og bileta på veggene der, fortalde om kvardagsliv, og til sjokk for nokre, om seksualliv. Antikken steig ned i kvardagen. Erling Sandmo skriv om dette i boka Tid for historie, om historie og historieskriving.
Dei antikke historiebøkene er fulle av talar. Politikarar, generalar, filosofar og andre talar ustoppeleg, gjerne for å elde opp soldatar, vinne folket eller for å vise vegen for folk og samfunn. Talane var gode, og dei vart mykje lesne og studerte.
Mot slutten av 1600-talet vart historikarane mistenksame til talane. I dei antikke historieverka kom folk frå mange land, frå ulike samfunnslag, og dei var i ulike dramatiske livssituasjonar. Men tale gjorde dei, persarar, grekarar og romarar. Ein fransk historikar påviser at skytarane, som ikkje eingong hadde skriftspråk, var fullfarne i retorikk, etter dei refererte talane å dømme. For talane var så like, uansett kven talaren var og når talen vart halden.
Kva som vart sagt i talar for fleire hundre år sidan, med den tids mediesituasjon og arkivmangel, var det jo uråd å vite. Historikarane som skreiv talane, skreiv ut frå si eiga tid og måla dei meinte det var viktig å sikte mot. Talane i dei antikke historieverka var prega av samtida historikarane levde i, ikkje av tida talaren levde i. Og historikarane brukte dei strålande, sjølvskrivne antikke talane til å påverke si eiga samtid, som samtidspolitikarar.
I 1566 gav franskmannen Jean Bodin ut ei bok som vekte sterk debatt. Han meinte at dette framleis var situasjonen – at historikarane skreiv historie på same måten. Framleis var måten dei framstilte fortida på, prega av haldningar dei hadde til si eiga samtid.
Dermed er det sådd mistanke til heile historikarfaget. Historikarane er berre menneske, som set sitt eige merke på det dei gjer, også når dei skriv historie. Den objektive, eintydige sanninga om fortida er utilgjengeleg, fordi det er menneske som skal leite henne fram. Og menneska er som dei er. Og vi høyrer Kant i bakgrunnen, med sine tankar om das Ding an sich og das Ding für mich.
I dag er mistanken rådande lære i historiefaget. Snorres Heimskringla er eit storverk, men mykje av det Snorre fortel, er underkjent som historiske fakta av seinare historikarar som har nytta andre kjelder. Derimot fortel Snorres forteljemåte mykje om den dramatiske tida han sjølv levde i, og striden han sjølv stod i. Indirekte fortel Snorre om seg og si eiga tid.
Ernst Sars var ein dominerande, omstridd norsk historikar på 1800-talet. Etter politisk strid vart han utnemnd til professor i historie av venstrefleirtalet i Stortinget, mot universitetets vilje. Sars var aktiv i den tidas venstrepolitikk, med nasjonsbygging og strid med svenskekongen. Om ein vil bli kjend med norsk historie i dag, er det knapt nokon historikar som tek historieverka hans på alvor. «Pamflettar», sa Jens Arup Seip då han stod på kateteret i mi studietid. Det han skriv om Wedel Jarlsberg og Carl Johan, er nokså forferdeleg. Dei er i dag begge godt rehabiliterte.
Men Sars er framleis verd å lese om ein vil vite noko om politiske frontar i siste delen av norsk 1800-tal. Der er Sars framleis god og gyldig. Slik hadde han ikkje tenkt det.
Jens Arup Seip er på si side nedlatande og sjikanøs i omtalen av den konservative filosofiprofessoren Marcus Monrad – ein innbarka hegelianar som ingenting forstod av si eiga tid, seier Seip.
I dag har historikarane rehabilitert Monrad, også historikarar på venstrekanten har gjort det, med skarpe og kritiske ord mot Seip, som lét seg styre av eigne oppfatningar, utan nødvendig etterprøving og mistanke mot seg sjølv.
Så er det all grunn til å lese historikarane med vaken skepsis. Dei fortel og fortel, medan dei samtidig er ute og går i eigne ærend og bruker historia til eige bruk. Det er det ingenting å gjere med, som Kant sa.
Men moro er det.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?