Dyrisk

Kva vil hunden ha til jul?

Hundar er ikkje menneske, og dei har ikkje glede av nisselue eller julemat.
Publisert Sist oppdatert

Vi er midt i den svarte veka, det er mindre enn ein månad til julekvelden og snart tid for å planleggje julegåvene til familie og venner. Mange vil gjerne også gje hunden sin noko fint til jul.

Hundar er intelligente dyr med eit rikt kroppsspråk, likevel er det vanskeleg å vite kva dei har på ønskelista. Her er nokre gode råd til deg som ønskjer ei perfekt jul saman med dei firbeinte familiemedlemmene dine.

Firbeint førjul

Eit kort søk på nettet viser eit stort utval av adventskalendrar til dyr. Inne i kvar luke er det ein liten innpakka godbit, eller kanskje små leikefigurar av plast som er laga for «å skape ei kjensle av forventning for deg og hunden din gjennom heile desember». På dei same nettsidene kjem det diverre ikkje klårt fram kvifor du, eller hunden din, treng slike innpakka leikefigurar, eller for den saks skuld ein halvkilo innpakkingsmateriale for å kunne dele ein godbit om dagen.

Det vi kan vere sikre på, er at hundane ikkje har bede om korkje plastleiker eller adventsgodteri. Om lag ei tredel av hundane våre slit med overvekt og treng ikkje ekstra påfyll av energi no i mørketida. Feite hundar lever kortare og dårlegare liv, med meir ledd- og beinsmerter, sukkersjuke, pustevanskar og nyresjukdommar. Og alvorleg overvektige hundar kan risikere å døy dersom dei treng bedøving for å bli opererte eller til noko så daglegdags som tannreinsing

Giftig glede

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement