Kva vil framtida gi?

Den første dampturbindrivne båten, «Turbinia», vart bygd av C.A. Parsons i Storbritannia i 1894. Biletet er teke i 1897 eller 1898.
Den første dampturbindrivne båten, «Turbinia», vart bygd av C.A. Parsons i Storbritannia i 1894. Biletet er teke i 1897 eller 1898.
Publisert

Det er Åge Aleksandersen som spør over vogga til sonen sin. Han kjenner ikkje svaret, men han har ei von og eit ønske: mykje lys og mykje varme.

Formuleringa hans er ei presis formulering av det den industrielle revolusjonen har levert dei siste par hundreåra. Poenget med den industrielle revolusjonen er at han utvikla ein teknologi som gjorde det mogeleg å utløyse oppsamla og bunden energi og setje han i arbeid. Kolet kunne takast i bruk og erstatte veden, som var i ferd med å bli mangelvare. Og maskinane kunne starte.

Når vi flyg inn over Oslo mot Gardermoen ein sein kveldstime, ligg byane som store lysflekker under oss. I desse byane bur folk godt og varmt, same kva årstida er.

I historia er dette svært nytt. I den norske vinteren var det mørket og kulda som rådde. Det var livets vilkår. Den industrielle revolusjonen, med teknologien og energibruken sin, har endra dette. Framleis kan vinteren vise makta si og stelle til dramatikk, men nordmenn sit ikkje lenger i mørket og frys. Vi har fått mykje lys og mykje varme.

Parallelt med denne utviklinga har det levt ein grunnleggjande skepsis til det ho fører med seg. Det byrja alt i Kina, då dei som dei første byrja å ta kolet i bruk til fyring. Naturen og det gode landlivet ville ta skade av det nye. Hos oss har vi hatt våre konfliktar om kraftutbygging og oljeutvinning. Industriutbygginga i det vakre Hardanger, med Odda, Ålvik og Tyssedal, møtte sterk motstand.

Og industrien har aldri fått den plassen i litteraturen som jordbruket fekk. Dagros og livet på sætra vandra trufast gjennom skuleverket, medan dampmaskinen fekk greie seg med fysikktimane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement