Sjakk
Kva er det med Nederland?
I Twitter-krigen mot Anish Giri er Carlsen «too weak, too slow», for å nytta verdsmeisterens eigne ord om ein stormeisterkollega.I Twitter-krigen mot Anish Giri er Carlsen «too weak, too slow», for å nytta verdsmeisterens eigne ord om ein stormeisterkollega.
Foto: Alina l’Ami / Tata Steel ChessFoto: Alina l’Ami / Tata Steel Chess
Ein går snøgt tom i selskapsleiken «sjakkspelarar i Belgia». Men Nederland, det er noko heilt anna. Om ein går i djupna, finn ein dei lange linene, til dømes adelsfamilien van Foreest, som på 1800-talet vann seks nasjonale meisterskapar.
Tippoldebarnet Jorden van Foreest (21) vann årets superturnering i Wijk aan Zee føre landsmannen Anish Giri (26). Veslebror Lucas van Foreest (19) er òg stormeister – og veslesyster Machteld (14) ville ha vore god nok for det norske kvinnelandslaget.
Landet vart råka av sjakkfeber då Max Euwe slo Alekhin i 1935 og vart verdsmeister i to år, til han tapte revansjeoppgjeret i 1937. Seinare var Euwe òg president i verdssjakkforbundet FIDE. Den lange mannen var den mest umerkelege av dei 16 sjakkverdsmeistrane, ein sympatisk og grå professor. Nederlendarane elskar dr. Euwe.
Under og etter Euwe blømde sjakk-kulturen. På 1970- og 1980-talet skildra dei nederlandske stormeistrane Donner, Ree og Sosonko (emigrant frå Leningrad) sjakkspelet som om det var eit stykke litteratur. I tillegg serverte Jan Timman, nummer tre i verda på 80-talet, dei djupaste sjakkanalysane ein hadde sett på prent.
I Nederland har ein alltid skjøna at utlendingar ikkje vil læra seg nederlandsk. Sjakkbladet Schaakbulletin endra i 1984 namn til New In Chess og har sidan vore rekna som best i verda.
Kva med Noreg? Vel, Magnus Carlsen vil ikkje lenger sitja still og sjå på dette, så 1. februar i år vart det offisielt at selskapet Play Magnus har kjøpt New In Chess, som framleis vil verta produsert i Amsterdam. Eg har mist oversikta over alt dei eig, men børsen seier at butikken Play Magnus er god for langt over ein milliard kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.