Frå historia
Korleis Jæren vart Jæren
Måleri frå bygdemuseet i Dirdal (utsnitt).
Illustrasjon: Wikimedia Commons
I dag er Jæren av det beste jordbrukslandet i Noreg. Tettstader, isprengde industri- og skulesenter, ligg spreidde over fruktbar åker og eng.
Dagens jærlandskap er ungt. Den første moderne landskapsarkitekten var steinbukken. Geologien hadde fylt Jæren opp med stein, i ufattelege mengder. Å dyrke denne steinjorda var tungt. Plogen rådde ikkje med desse steinmengdene. Jorda måtte spavendast. I åretal kom bønder frå indre Ryfylke til Jæren for å spa, før våronna kunne starte heime. Når spainga var gjord, kunne dei dra heim og gjere si eiga våronn. Steinbukken, oppkalla etter eit klauvdyr som finst i høgfjell og ørkenstrøk i Asia og Sør-Europa, endra dette. Jæren og jærlandskapet var på veg inn i ei ny tid. Steinbukken, denne enkle tripoden, kunne handtere steinen og løfte han ut av jorda. Så kunne steinen transporterast bort, og jorda var steinfri og tilgjengeleg for plogen.
Men steinen måtte leggjast ein stad. Og dei jærske steingardane, eit karakteristisk drag ved jærlandskapet, var skapte.
På det steinfrie og skogrike Austlandet, der store trerøter er hovudfienden for nydyrkaren, heiter steinbukken stubbebrytar. Også der formar han landskapet og vinn ny jord.
Steinbukken gjorde det mogeleg å vinne over steinen med mannemakt. Skjerpeplogen, som kom nokre tiår seinare, sette også maskinmakt inn mot steinen, og ingen kampestein var trygg.
Og det jærske jordbruket i si moderne og mekaniserte form var på veg. Husdyrhaldet vart sentralt i dette jordbruket. Den norske korndyrkinga fekk innlandsbygdene ta seg av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.