Kolet, trua,røyken og rikdommen
Seinare analysar av tala viser at røyken i 1873 drap kring 500 innbyggjarar i London.
Foto: Wikimedia
Kolet var eit mysterium som utløyste tru og tankar. På 1700-talet var det framleis mange som trudde at kolet var levande, skapt av spesielle frø som fekk det til å vekse under bakken. Dei synlege, fossile planterestane i kolet utfordra rådande historieforståing. Rådande kyrkjeleg lære vart at desse funna skreiv seg frå plantar som hadde gøymt seg under bakken etter «at heile verda vart riven i filler og øydelagd av syndfloda». Ein vitskapsmann som hadde studert planterestane nøye, fastslo at syndfloda hadde drukna verda i slutten av mai det året det hende. Robert Boyle, han med Boyle-Mariottes lov om sambandet mellom volum, rom og temperatur for gassar, ein av dei store i vitskapshistoria, bad kollegaer i vitskapsakademiet om å granske, på vitskapleg vis, om gruvearbeidarane «nokon gong verkeleg møtte underjordiske demonar».
Og så var det røyken. I 1812 kunne The Times fortelje at det «for det meste av dagen var uråd å skrive eller lese bak eit vindauge utan lampelys. På formiddagen var det uråd å kjenne att folk før dei kom heilt nær. All rørsle i gatene var farleg, fordi ingen såg nokon ting. Born gjekk seg bort i kolrøyken og måtte ha hjelp av politiet. På fire røykfylte dagar drukna 20 menneske fordi dei snubla ut i Themsen eller ein annan kanal. På elva var det stendige kollisjonar. For å unngå uro, vart ikkje alt rapportert. Ein del kyr var i London på ei utstilling. Mange av dei fall døde om av røyken, og fleire andre måtte berre slaktast.
Og menneske døydde. Seinare analysar av tala viser at røyken i 1873 drap kring 500 innbyggjarar i London. For 1880 var talet kring 1000, som det også var i 1882. Desse menneska pusta seg i hel.
Denne døden var stillferdig. Døden i dei røykfylte gatene var meir hendingsrik og dramatisk, og fekk meir omtale, folk imellom og i avisene.
Folk stod framfor vanskelege val. Det var kaldt, og veden var dyr og vanskeleg å få tak i. Ein historikar skriv at folk måtte velje mellom kulden og sjukdommane hans, eller kolrøyken og sjukdommane hans.
Fint folk, dronningar og slikt, drog frå byen når røyken vart for tjukk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.