Frå bridgeverda
Kjent andlet
Kari-Anne Opsal, bridgeprofil og Ap-topp.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Som bridgespelar er ein takksam kvar gong media nemner bridgen i nokolunde positive samanhengar, fordi det opp gjennom åra har vore mykje negativt. Berre i norske aviser har ein kunna lesa om omfattande bridgejuks, eit par bridgedrap, skattesvik og metanolspritsmugling utført av bridgespelarar, og så bortetter. Men alt dette forsvann i gløymsla eit par veker før påske, då det synte seg at den nye partisekretæren i Ap skal heite Kari-Anne Opsal.
Noko nytt namn i media er juristen frå Gryllefjord knappast; ho vart ordførar i Harstad i 2019. Men frå 2016 til 2022 var ho òg president i Norsk bridgeforbund, og ho har sete i styret i Den europeiske bridgeligaen og Verdas bridgeføderasjon. Seinast i mars i år var ho å finne på startlista i noregsmeisterskapen for damelag, som ei av fire kvinner på det nordnorske lag «Villspikka» – tolkinga av namnet overlèt eg til andre.
Som ein parentes kan det nemnast at ein annan sentral tilsett i Norsk bridgeforbund, fagsjefen, heiter Harald Berre Skjæran. Han kjem frå Lurøy og er bror til Bjørnar Skjæran, parlamentarisk leiar i Ap.
Men om nokon no trur at Ap er ei særleg sterk kraft i norsk bridge, kan det straks dementerast. Det mest fascinerande ved bridgen er nettopp rikdommen i markante karakterar, og desse er alt frå brunskjorter til ortodokse kommunistar, som i makkerskap ved bridgebordet kan fungere relativt bra i lag.
Eg har òg gode minne om ein bankdirektør her i Trondheim som lenge spela i tospann med ein slags alkoholisert boms – i dette paret var det bomsen som nådelaust kritiserte dei mange feila til direktøren. Med andre ord er den norske bridgen eit tolerant og bortimot klasselaust samfunn, som nok kan inspirere den nye partisekretæren i den vidare innsatsen «for folk flest».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.