Kjempeskumle slåstkjemper skal me helst ikkje eggja opp, i alle fall ikkje om me vil koma heilskinna frå møtet med dei. Desse kjempene er både kamplystne og kampdjerve, og dei dregst mot gatekampar som møllen mot ljoset. Dersom me skal vinna over nokon som er større og sterkare enn oss, må me vera lurare enn dei. Eit av ordtaka våre (som finst i mange variantar) seier det slik: «Med list og lempe kjem eit kryp like langt som ei kjempe.»
Substantiva kjempe og kamp og verbet kjempa skal ha kome til oss gjennom lågtysk. Dei er i ætt med latin campus (‘mark, slagmark’), som òg er opphavet til ord som camping, kampera, kampanje og sjampinjong (eig. ‘som gror på marka’). Dei norrøne orda kappi (‘kjempe’), kapp (‘tevling, stridshug; ofse’) og keppa (‘tevla, strida’) kjem visst òg av campus. Det er soleis ein samanheng mellom kamp og kjempa på den eine sida og ord som kappestrid, kappast og kapp («springa om kapp») på den andre. Men ordet kampestein må me halda utanfor. Det er i ætt med ord som har med klossar og klumpar å gjera (m.a. koppstein og koppul ‘liten, rundvoren stein’).
Å kjempa for livet og kjempa mot overmakta er som regel tungt og fortvilande. Å kjempa om sigeren i ei tevling kan derimot vera kjempemoro, i alle fall om deltakarane syner god kampånd (jf. boksekamp, bortekamp, landskamp, tikamp og so bortetter). Utøvarar som vert skadde eller sjuke før ein viktig meisterskap, må kjempa for å verta friske att til tevlinga byrjar. Det er ein kamp mot klokka. Dei vil ikkje verta nedkjempa av eit virus når dei sjølve har mange dei vil kjempa ned!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.