Frå historia

Judas Iskariot

Judas Iskariot måla av José Ferraz de Almeida Júnior.
Judas Iskariot måla av José Ferraz de Almeida Júnior.
Publisert

Vi er på veg inn i påsken. Hendingar i Jerusalem for snart to tusen år sidan vil setje preg på ei dryg veke, same kva vi bruker veka til, om vi vel å gå til gudsteneste, eller om vi vel å bruke fritida på fjellet, på reise, på uterestaurant eller berre på vanleg avstressa kvardagsliv.

Same kva vi måtte tru, så vil kalenderen minne oss på det som hende den gongen, og gi oss denne veka til fritt bruk.

Sant å seie er det ei lita og kort forteljing som ligg til grunn for den gåva denne vårveka er.

I min gamle bibel har Matteus, Markus og Lukas fem sider kvar som fortel påskehistoria frå Getsemane til påskedagsmorgon. Johannes greier seg med tre.

Det er alt. Og andre kjelder finst ikkje.

Men denne korte forteljinga er full av dramatikk. Gudesonen, son til den allmektige, kjem på kant med makta, både den politiske og den religiøse. Han blir drepen på bestialsk vis, før han tre dagar seinare sprengjer dødens grenser og står opp frå dei døde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement