«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Teikning: May Linn Clement
Mandel i grauten
Det er ikkje lett for Jan Ansgar å glede seg over at nokon andre vinn marsipangrisen jul etter jul, og aldri han, som fyller førti til sommaren og ikkje ein einaste gong i heile sitt liv har funne mandelen i grauten.
Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre. I dei mest aktive åra gjekk han på alle juletrefestane som var: Bygdekvinnelaget, Indremisjonen, speidaren. Han åt gjerne fleire porsjonar. Men å jukse har aldri freista. Han har alltid fylgt reglane. Aldri leita etter mandelen med skeia, men byrja ytst og jobba seg systematisk rundt og inn mot midten av skåla. Jan Ansgar har ein tendens til å ete litt fort. Det er spennande å fylgjer med på ansikta til dei andre, om det er nokon som avslører seg. Men alltid når Jan Ansgar har trykt i seg så mykje graut at han risikerer å bli liggjande, viser det seg at nokon har funne mandelen for lenge sidan, og gøymt han i det eine kinnet, utan å seie eit pip. Jan Ansgar blir forbanna. Plutseleg roper nokon: «Eg fann han», og held mandelen opp i lufta utan å vise omsyn.
I mange år fekk Jan Ansgar familien med på at folk sjølv skulle gå til gryta og ause opp graut, slik at det skulle bli likt for alle, men etter at broren fekk ungar, har ting kome ut av kontroll. No deler dei ut ferdige porsjonar, og Jan Ansgar er ikkje i tvil om at mandelen med vilje blir stukken inn i grauten til ein av ungane, for det er alltid dei som vinn. I fjor var det til og med fleire av ungane som fann mandel. At det skulle vere meir enn éin mandel å leite etter, hadde ikkje Jan Ansgar høyrt snakk om. Men ikkje eingong då vann han, berre ungane.
Jan Ansgar ringjer broren for å gje beskjed.
– Eg kjem ikkje og et graut, seier han.
– Det var ikkje noko kjekt, seier broren.
– Du veit jo at eg har blitt han som aldri finn mandelen. Heile dette grautopplegget har blitt ei belastning.
– Du vel sjølv.
– Det er akkurat det eg gjer.
Jan Ansgar nemner ikkje at han i tillegg har blitt meir allergisk med åra, og reagerer på røykjelsen broren plent skal forpeste stova med.
– Me kan gjere ein vri for di skuld, seier broren.
– Ja vel, kva slags vri er det du tenkjer på?
– Slik me hadde det før. Folk kan ause opp grauten sjølv i år. Då aukar sjansane.
Dei gjer jo det, tenkjer Jan Ansgar, og augnar håp.
– Eg skal tenkje på det, seier han.
– Du kan òg tenkje litt på korleis du et, seier broren.
– Kva meiner du?
– At du nærmast hiv grauten inn og svelgjer unna.
– Ja, eg veit det, men det er berre slik eg er. Blir så ivrig.
– Du er ikkje redd for at du kan ha svelgt mandelen heil utan å merke det?
– Svelgt han heil?, seier Jan Ansgar.
– Eg påstår ikkje at du har gjort det, men det er mogleg, seier broren.
– Det har vore nokre år ingen har funne mandelen, seinast for tre år sidan.
Å ja, du må ikkje tru at Jan Ansgar har gløymt det. Likevel gav dei sigaren til ein av ungane. Det blei ikkje rett.
Når han tenkjer seg om, har det kanskje vore nokre klumpar…
– Er det klokka tolv, slik det plar?
– Ja, seier broren.
– Me har ein avtale, eg kjem, seier Jan Ansgar.
Frank Tønnesen
(med takk til Ingvar Hovland)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.