Ord om språk

Innesperra med gangsperre

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Spaltistar skal helst ikkje slita med skrivesperre. Om ein strevar med å skriva langt nok, kan det vera freistande å setja heile artikkelen i sperra sats (d.e. med større mellomrom mellom bokstavane enn elles). Då er det ikkje umogleg at lesarane sperrar opp augo!

I utgangspunktet viser sperre (norr. sperra) til noko heilt handfast: ‘skråbjelke frå mønet til langveggen på eit hus’. Ei rad samansette ord har med slike sperrer å gjera, som sperrehogg (‘skard som tener til feste for ei sperre øvst på ein vegg’), sperrepar (‘to sperrer som møtest i mønet’), sperreklauv og sperrelås (‘kløft i enden på eit sperrepar som tener til å festa saman sperrene i mønet’).

Det har òg vore vanleg å nytta sperre om eit par fiskar som er samanbundne i sporden (eller hovudet) og opphengde til turking. Ein kan undrast på kvifor slikt vert kalla sperre. Er det fordi dei to fiskane minner om eit sperrepar? Eller fordi sperre og spord er nærskylde ord?

Etter alt å døma kjem sperre av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘spreia, strøya, strekkja’. Sperre og verbet sperra har med den sistnemnde tydinga å gjera. Nokre nyttar sperra om å ‘stramma seg opp; stå strak eller spent’. Andre ord frå same rota er sparka, spenna og spord (truleg eig. ‘spenning, svinging’, som vart til ‘svingar’, med andre ord: ‘hale’).

Når sperre og sperra dukkar opp i daglegtalen, dreiar det seg helst om stengsler og hindringar. Me kan sperra av eit område, stå slik at me sperrar trafikken eller setja opp sperrebommar og sperreband (jf. vegsperring, politisperring). At nokon kjem i full fart og brasar gjennom sperringane, er nok vanlegare på film enn i røynda.

Sperreeld har vore nytta om vedvarande skotløysing som skal hindra ein framrykkjande fiende. Me støyter på sperringar i pengestellet òg (t.d. «sperra bankkortet», «ha pengane på sperra konto»). Tjuvar og andre lovbrytarar vert ofte sperra inne, men folk flest vert innesperra av uvêr, fåvitug parkering og liknande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement