IndaraneSom sjakkspelar har eg nokre fordommar mot indarar. Eg trur alltid at ein ukjend indisk sjakkspelar må vera eit geni. Stakkars indar! Sanninga er nok at India er det landet i verda med flest dårlege sjakkspelarar, hundre millionar i den lægste kate

Rameshbabu Praggnanandhaa (12).
Rameshbabu Praggnanandhaa (12).
Publisert

Som sjakkspelar har eg nokre fordommar mot indarar. Eg trur alltid at ein ukjend indisk sjakkspelar må vera eit geni. Stakkars indar! Sanninga er nok at India er det landet i verda med flest dårlege sjakkspelarar, hundre millionar i den lægste kategorien. Verdsmeister Viswanathan Anand har skulda for dette, men frå massane kjem òg nye toppspelarar. India har vorte ei stormakt i sjakkverda.

Anand fortel kva den indiske sjakkskulen er, som eit motstykke til den sovjet-russiske: Den indiske skulen er tabula rasa, spelarar utan bokleg kunnskap og sjakkteori. Konsekvensen er at indaren vert ståande dårleg etter opninga i møte med den russiske sjakkskulen. For ikkje å tapa partiet med éin gong må indaren rekna variantar som galen og desperat freista lokka motstandaren inn i taktiske triks. Slik vert indaren ein «genial trollmann». Anand sjølv har derimot lukkast i å kombinera det beste frå to verder etter at han i slutten av tenåra fekk sovjetisk trenar.

Det største talentet i indisk sjakk er kan henda Rameshbabu Praggnanandhaa med eit namn som er vanskeleg òg for indarar, som berre kallar han Prag. Etternamnet tyder «gleda ved intellektet». Prag kjem frå Chennai, slik som Anand. Han lærte sjakk då han var tre år gamal. Eg har lenge trudd at fire år var minimum òg for eit geni, men Prag ville det annleis. Som Fischer og Carlsen lærte han spelet ved å spela mot ei storesyster. Då han i sumar vann eit snøggsjakkparti mot verdsstjerna Wesley So, sa amerikanaren rett ut: «Prag er eit geni.» Prag vart stormeister i juni, 12 år, 10 månader og 13 dagar gamal. Han er den andre tolvåringen i historia som får tittelen. Sergej Karjakin var tre månader yngre og hadde nivået inne som tolvåring, men det er ein offentleg løyndom at ukrainarane arrangerte ei fiktiv turnering slik at vesle Karjakin kunne setja rekorden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement