Ord om språk

Ikkje snakk om

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Me dreg nedsnakkinga for langt om me seier at det offentlege ordskiftet berre er pølsesnakk og snikksnakk. Men snakking er det mykje av. Deltakarane har ofte snakketøyet i orden, og det er ikkje uvanleg at dei snakkar på innpust og utpust, snakkar på vegner av fleire og snakkar forbi kvarandre. Det vert ein snakkis når nokon forsnakkar seg og prøver å snakka seg ut av det etterpå.

Snakka er eit snakksamt ord som ikkje har vore omsnakka i spalta før. Eg har ikkje noko usnakka med snakka, men mange av dei gamle verba med tydinga ‘tala’ har nok det (t.d. mæla, ordast, røda, svalla, tala). Har dei snakka saman og vorte samde om at lånordet snakka skal få breia seg? Har snakka rundsnakka dei? Nei, det er me språkbrukarar som jamt grip til snakka når me snakkar og skriv.

Snakka og snakk kjem av lågtysk snacken (‘snappa, bita, tala’), som truleg er eit ljodord. Eit anna ord som kjem frå snacken, er engelsk snack (‘godbit, smårett’, fleirtal snacks), som me har teke inn i norsk. Det er ikkje pent å snakka med snacks i munnen, men det er ikkje alltid det hjelper å snakka til dei som gjer det (jf. tilsnakk). Kan henda har dei drukke og er ikkje tilsnakkande.

Snakka er nemnt eit par gonger i ordtakssamlinga til Aasen, til dømes her: «D’er drykken som snakkar og ikkje mannen.» Snakk om ansvarsfråskriving! Mange vert visst snakkesalige og snakkar ut om ømtoluge emne når dei har fått i seg litt, eller kjem med so mykje banning og styggesnakk at det vert folkesnakk av det. Me kan skjemta med at lokkande varer «snakkar til oss», men lell: Væsker snakkar ikkje.

Det tek tid å læra å snakka, for ikkje å snakka om å læra å snakka reint. Mange snakkar ulike språk og skjønar folk som snakkar totning, vossamål eller andre dialektar. Stundom er det ein føremon å «snakka same språket».

Mange er samde om at baksnakking og laust snakk (‘rykte, sladder’) er ille. Godsnakking kan vera både og: Nokre gonger dreiar det seg om roande og venlege ord, andre gonger nærmar det seg smeik (jf. «snakka etter munnen»). Dei som er gode til å snakka for seg, meistrar nok båe sjangrane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement