Ord om språk

I lystig lag

Publisert

«Lysta dreg halve lasset», veit me. Og «d’er lett byrd, som med lyst er boren». Då kan me vel slå fast at lyst er noko lysteleg som ikkje dreg ulyst etter seg? At me kan lata vera å tøyma hemnlysta og vellysta og fritt fylgja lystene våre? Nei, me veit at det går gale om me legg lystprinsippet til grunn støtt. Å gjeva etter for leselysta og verkelysta er greitt nok, men det vert utriveleg her om lystlygnarar og lystmordarar får herja fritt. «Har du lyst, har du lov» kling godt, men nokon god leveregel kan me ikkje seia at det er.

For dei vitelystne: Lyst (seint norr. lyst) skal opphavleg ha vore hankjønnsord, men i nokre germanske mål, og i mest alle norske målføre, er det vorte hokjønnsord. I utgangspunktet hadde lyst vokalen u i seg. Slik er det framleis nokre stader (t.d. sv. lust, eng. lust, ty. Lust). Formene med y er nyare og truleg påverka av det verbet me no kjenner som lysta. I mange ordbøker vert lyst kopla til ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera giren etter, trå etter’, men her fylgjer me Norske arveord og går ut frå at lyst er i ætt med laus.

Det kan henda at lyst opphavleg viste til det å vera laus og ledig i kroppshaldning og i haldning i det heile. Me har ei rad ord der laus målber at einkvan er lettsindig og hemningslaus (t.d. med omsyn til kjønnslivet), som laussleppt og lausaktig. Lyst har òg mykje med slike drifter å gjera. Me talar om sanselege lyster, lekamslyst, kjøtslyst og vellyst. Me kan ha lyst på noko(n) og sjå på folk med lystne augo. Nokre drøymer om å leva ut lystene sine i ein lystbåt eller eit lysthus eller lystslott, kan henda med lystgass attåt. Kvar si lyst!

Om me skal forlysta oss med å rekna opp ulike lyster, lyt me i alle fall nemna eventyrlysta, kamplysta, livslysta, sensasjonslysta, giftelysta og ertelysta. Dei skodelystne kan slumpa til å sjå noko som fyller dei med ulyst. Då misser dei radt matlysta. Og lat oss ikkje gløyma matstrevet: «Vil du eta med lyst, skal du streva fyrst.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement