JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

I fullt alvor

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20200424
2359
20200424

«Alvor og gaman går ofte saman», seier ordtaket. Hovudregelen er at moroa kjem fyrst og alvoret etter: «D’er mangt som yppest med skjemt og endar med alvor.» I lengda er det leitt med berre alvor, so skjemten plar smyga fram att etter ei stund, i alle fall hjå dei av oss som ikkje er alvorsmenneske. Men kan me seia at alvor er eit alvorsord?

Alvor er i alle fall eit arveord som har vore med oss lenge. Forma alvor er rett nok påverka av dansk. Den norrøne – og islandske – forma er alvara (f.), og i svensk finn me allvar (n.). Då Ivar Aasen granska målføra, fann han hokjønnsformer som ølvøro og ølvuru og inkjekjønnsformer som ollvor, ålvore og alvor. Landsmålsnormalen hans tillèt både ålvora (f.) og ålvore (n.), og han nytta sjølv båe formene. I landsmålsordlistene frå tidleg på 1900-talet er ålvora (f.) og ålvor (n.) tekne med, men når me kjem til 1917, er ålvora ute, og alvor (n.) er kome inn ved sida av ålvor (n.). I 1938 står berre alvor att – som i bokmål.

Sidan alvor ofte vert nytta om ærlege meiningar, er det lett å tenkja at ordet har noko med tysk wahr (‘sann’) å gjera. Granskarane seier noko anna. Dei meiner at substantivet alvor kjem av eit germansk adjektiv som er ihopsett av ala- (‘heil’, jf. all) og -wara (‘var, aktsam’). Grunntydinga ‘heilt aktsam’ har seinare endra seg til ‘omtenksam, venleg, påliteleg, seriøs’. Me brukar ofte alvor om meiningar og utsegner som er ærlege, viktige og ikkje skjemtande, jamfør vendingar som «seia noko i fullt alvor», «ta ein alvorsprat» og «seia nokon eit alvorsord». Alvorleg kan tyda ‘røynleg, ærleg, verd å ansa etter’, jamfør «meina det alvorleg», «alvorleg tala», «ikkje ta noko(n) alvorleg».

Me kan òg nytta alvor og alvorleg når noko vert røyndom eller syner seg for fullt: «Ho gjorde alvor av det.» «Uvêret tok til for alvor.» Som regel er det den harde røyndomen og dei lagnadstunge hendingane som vert omtala soleis. «Det vart blodig (eller livsens) alvor», kan me seia. «Dei skjønar ikkje alvoret i saka.» «Han er alvorleg sjuk.» Folk er ofte alvorsame og alvorstyngde når dei har med graver å gjera, og gravalvoret er noko av det tyngste som finst. Nokre slit med å halda seg alvorleg i slike alvorsstunder. Og hugs: Me kan servera rasande morosame vitsar med alvorleg mine.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis