Ord om språk
I fillebitar
«Ein skal ikkje sjå fanten på fillene», seier eit ordtak. Og: «D’er ikkje alt fant, som går i filler.» I dag har folk flest fleire klede enn folk hadde då desse ordtaka vart laga. Det er ikkje berre velstand i dag heller, men folk i fillete klede var eit vanlegare syn før. Same korleis kleda ser ut, kan me (på skjemt) kalla dei filler: «Få på deg fillene!»
Om du slengjer på deg ei kledefille og dreg på fest, kan du få sjå litt av kvart. Kan henda seier ein festdeltakar til ein annan at dama hans er ei flyfille, og so slåst dei so fillene fyk. Då er det fyrst og fremst klede eller kledebitar som fyk, men stundom kjem ei hudfille eller skinnfille fykande. Og der har me sjølve ur-filla. Du skjønar ikkje filla, seier du?
Grunntydinga til fille er ‘skinn, hud’. I norrønt finst ordet berre i samansetjingar som hnakkafilla (‘nakkeskinn’) og kinnfilla (‘hud på kinnet’). Ordet er i ætt med film (eig. ‘hinne’). Tydinga ‘tøyremse, klut, flak’ er yngre, men ho har no teke heilt over. Dimed har me fått ord som skinnfille, som strengt teke er smør på flesk.
Det kan vera fint å le seg fillete, sjå på dalande snøfiller og gjera reint med ei god skurefille. Mange har òg røynt at filleryer kan gjeva heimen eit lyft. Likevel har filla eit imageproblem. Jau, ho er god å ha, men ofte vert ho kopla til det som er smått, låkt og lite staseleg. Om me vil målbera at noko er dårleg eller har lite å seia, kan me berre setja fille fremst i ordet: «Eg vil bort frå denne fillebyen.» «For eit fillevêr.» «Di fillebikkje!» «Det er ei fillesak.» Nedst på samfunnsstigen finn me filleproletariatet (sv. trasproletariat, da. pjalteproletariat).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.