Ord om språk
I ei nykelstilling
Om eit nykelvitne melder seg, kan ei vanskeleg sak endeleg verta løyst. Vitnet har radt sett noko gjennom eit nykelhol? Dei som vil verja seg mot slike kikarar, kan halda ein stor skiftenykel eller ei matvare med nykelholsmerke framfor nykelholet.
No har ordet nykel svinga seg nokre gonger, men eg kunne òg ha nytta lykel. Kva er tilhøvet mellom dei to? Nei, sei det. I norrønt var det lykill som galdt. Ordet skal vera i ætt med lukka og ha grunntydinga ‘noko som lukkar’. I mellomnorsk finn me òg forma nykill. Det er tolleg vanleg å gå ut frå at nykel i grunnen er same ordet som lykel, berre at l-en fremst i lykel er vorten endra til n ved fjerndissimilasjon, dei kallar. Andre meiner at nykel heng i hop med norrønt hnúka (‘bøya seg, sitja ihopkrøkt’), og at nykel opphavleg tydde ‘krøkt reiskap’.
Då Aasen granska målføra, var båe formene mykje nytta, men på ulike stader. Han skriv at lykel var vanleg vest og nord i landet og i Hallingdal og Valdres. Elles gjekk det mest i nykel. Sidan har nykel (og nøkkel) styrkt stillinga si, men lykel held framleis koken. Dessutan yr og kryr det av talemålsformer, som lykjel, løkjedl, lykkjyl, nykjeli, nykkjyl og nøyel (frå Norsk Ordbok).
Den klassiske nykelen har tre delar: handtak (el. hald, haus, grep), skaft og skjegg (el. skjer, aks). Viktige nyklar i dag er bilnykelen og husnykelen. På mange arbeidsstader lyt ein ha nykelkort. Å nytta nøkkelost (ja, det må skrivast slik, seier norma) som nykel er fåfengt, so kvifor har osten det namnet? Eitt framlegg er at nøkkel – her kjem av eit nederlandsk ord for ‘nellik’, men den vanlegaste forklaringa er at osten har namn etter eit av dei nederlandske føredøma, osten Leidse kaas, som var merkt med byvåpenet til Leiden. Der er det to krosslagde nyklar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.