Hummarkrig
i Norden
Undervasskjera vest i havet frå Iddefjorden var svenske. Svenskane vakta skjera med dette fyrskipet frå 1900 til 1929.
Hummaren er kalla havets kardinal. Den levande hummaren er svart og mektig. Den kokte er raud og dominerande på bordet. Hummaren er ein delikatesse, og er prisa deretter. Og så verdifull som han er, har han skapt mykje strid. Om sommaren fartar politiet rundt på Sørlandskysten for å passe på at ikkje byfolket, i fredingstida, tjuvfiskar hummaren sørlandsfiskarane skal leve av i den lovlege perioden. Bøtene for tjuvfiske kan bli høge.
Noko av det første vi gjorde då vi hadde kvitta oss med unionen i 1905, var å gå i strupen på svenskane om eigedomsretten til eit feitt hummarfelt i grenseområdet i sør.
Då grensa mellom Noreg og Sverige vart fastlagd i 1751, vart ho dregen ut Iddefjorden. Lenger ut i havet trongst inga grense. Her var ingenting av verdi å dele på.
Og så dukka hummaren opp, mot slutten av 1800-talet.
I det grensefrie området, ute i havet, auka hummartalet sterkt, medan det minka innanfor den norske grensa. Og dei norske fiskarane følgde hummaren dit han var, til det grensefrie området. Og der var også dei svenske fiskarane. Konflikten var eit faktum. Regjeringane sette ned ein kommisjon for å greie ut saka.
Stridens eple var Grisebåane, nokre undervasskjer 18 km sørvest for Hvaler, 18 km vest for Strømstad. Var dei svenske eller norske? Svaret på spørsmålet ville avgjere kvar fiskegrensa gjekk. Kommisjonen sprakk. Dei svenske medlemane ville leggje grensa nord for desse skjera. Då vart skjera svenske, og det grensefrie hummarområdet ville bli svensk. Dei norske medlemane ville leggje grensa sønnafor skjera. Då vart skjera norske, og hummarområdet norsk. Svenskane fann støtte for sit syn i svenske jorde- og kyrkjebøker. Dei meinte også at Sverige alltid hadde rådd over dette området. Nordmennene fann støtte hos dei norske hummarfiskarane.
I oktober 1906 tok svenske oppsynsskip opp norske hummarteiner i det omstridde området. Det norske fiskerioppsynet fekk ordre frå høgste hald om å sitje stille og ikkje bruke makt. Den norske ministeren Vogt protesterte i Stockholm, utan effekt. Svenske oppsynsskip heldt fram med å ta opp norske teiner. Temperaturen steig, på begge sider. «Se upp vid gränsen!» var slagordet i Sverige. I Noreg kom det framlegg om å fiske reint og så la svenskane overta det utfiska havstykket. Tonen var bitter. Såra frå unionsstriden var ikkje grodde.
Saka bølgja fram og tilbake, og i 1907 gjekk den svenske regjeringa med på å leggje striden fram for ein skilsdom, etter norsk ønske, og så vart gjort.
23. oktober 1910 kom dommen. Noreg tapte. Undervasskjera vest i havet frå Iddefjorden var svenske. Det grensefrie området var svensk. Så var hummaren det også.
Tapet var bittert. Det var lagt ned eit stort arbeid i saka, trass i at det også frå norsk side kom åtvaringar om at det svenske kravet på Grisebåane stod mykje sterkare enn det norske. Den norske folkerettseksperten Arnold Ræstad, som arbeidde med saka, åtvara tidleg regjeringa mot å gå vidare med saka. Men regjeringa, og nordmennene, var provoserte av den svenske maktbruken, der norske hummarteiner vart fjerna frå havet. Den unge juristen Paal Berg vart engasjert for å avhøyre folk i distriktet. Arnold Ræstad vart send utanlands for å studere gamle kart. Riksarkivet og andre statsinstitusjonar vart mobiliserte. Resultatet av alt dette arbeidet var nedslåande, skriv Roald Berg i det store verket om historia til den norske utanrikspolitikken. Norges Geografiske Opmaaling fastslo at det var kosterfiskarane som historisk hadde fiska hummar ved Grisebåane, ikkje hvalerfiskarane. Det var altså lite hjelp å få for den norske regjeringa og dei norske hummarfiskarane. Tapet var klårt og svidande.
Slik blir då denne striden om nokre undervasskjer i det norsk-svenske grenseområdet ei historie om såre og prestisjefylte sinn etter ei vond skilsmisse. Og det er altså ikkje berre i kyrkjehistoria kardinalane skaper alvorlege konfliktar.
Det tok tid før forholdet mellom dei to grannane på den skandinaviske halvøya gjekk seg til etter det vonde oppgjeret i 1905. Første åra etter 1905 kom det beinkrokar og leggspark frå begge sider, når høvet baud seg.
Og høvet baud seg. Neste nabostriden kom til å handle om reinbeite i Finnmark
Historisk sett er dagens gode svensk-norske forhold nokså nytt.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»