Hitlers alternative nobelpris
Ernst Ferdinand Sauerbruch (1875–1951) vigde livet til kampen mot tuberkulose.
Foto: O.Ang. / Bundesarchiv / Wikipedia
Før krigen var Tyskland eit av dei leiande landa i naturvitskap, til dømes i medisin. Tyskaren Robert Koch står ved sida av den store Pasteur i utviklinga av bakteriologien. Dei gjorde livet farleg for bakteriar og anna smittestoff. Det vart mindre farleg å vere menneske.
Ein av dei store i tysk medisin er kirurgen Ernst Ferdinand Sauerbruch. Far hans døydde av tuberkulose, og han voks opp hos foreldra til mora. Morfaren var skomakar.
Sauerbruch, som var kirurg, kom til å vie livet til kampen mot tuberkulose. For dette arbeidet har han fått ei heidersgrav i Berlin.
Å operere i brystkassa er problematisk. Lungene må ikkje klappe saman. I dag pumpar dei luft inn i lungene under ein brystoperasjon. Tidlegare laga dei eit undertrykkammar der dei opererte. Her var Sauerbruch ein føregangsmann. Alt i 1904 hadde han konstruert eit slikt kammer. Det gjev han plass i medisinhistoria.
Livet hans vart turbulent. Han møtte Hitler tidleg. Ved kuppforsøket i 1923 vart Hitler skadd i aksla, og det var Sauerbruch som tok hand om han.
Sjølv var han ihuga nasjonalist og avskydde Versailles-freden. Han såg tidleg Hitlers mørke sider. Hitler var i grenselandet mellom genialitet og galskap og den galnaste kriminelle i verda, sa han. Likevel skreiv han under på ei lojalitetserklæring til den nasjonalsosialistiske staten som nazistiske professorar hadde teke initiativ til. Nazistane sat tett på tyske universitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.