Dyrisk

Hei på deg

Hundar helsar, ofte og mykje. Har du dyr, bør du ta deg tid til å gjere det same.
Publisert Sist oppdatert

Å ha god folkeskikk kallar vi det når vi lærer ungane våre å helse fint på andre menneske. For andre dyr er det like viktig å helse på kvarandre og vise god dyreskikk. Dei fleste dyr bruker også langt meir tid og merksemd på denne helsinga enn det vi menneske tek oss tid til i ein travel kvardag.

Berre så det er sagt: Mennesket er ein dyreart. Det vi har av kultur og åtferd, er ikkje mogleg å forstå utan å hugse akkurat det. Vi har dyriske kroppar og dyriske behov. Ordet dyrisk blir ofte brukt som omgrep for noko lågtståande, med det humane, eller menneskelege, som det gode motstykket. Det skal ikkje mykje sjølvinnsikt til for å sjå at vi har eit dårleg faktagrunnlag for ei slik moralsk lagdeling.

Sterke band

Å trykkje hendene til kvarandre for å helse var noko menneska fann på ein gong i løpet av romartida, kanskje for å sikre seg at folk ikkje bar skjulte våpen. På jobb handhelsar vi sjeldan, men dei fleste seier nok god dag og slår av ein kort prat når dei treffest første gong om morgonen.

Seinare på dagen får eit kort hei eller eit nikk vere nok, og på slutten av dagen strenar vi blindt rett fram og tenkjer berre på å kome oss heim. Andre sosiale dyr gjer det ikkje slik – deira dyreskikk er langt meir slitesterk enn folkeskikken.

Når dyra legg så mykje flid og omtanke i å helse på kvarandre, må det i løpet av evolusjonen ha vore nokre svært sterke og positive konsekvensar av denne investeringa. På tvers av alle dyreartar ser vi at helsing er viktig for å styrkje sosiale band i ein familie eller ein flokk, og for å halde ved like sosiale strukturar og hierarki. Helsing er også naudsynt for å bli kjend med framande og for å redusere spenningar og konfliktar med mål om å unngå open aggresjon og i verste fall vald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement