Har det hendt?

Slaget ved Svolder slik kunstmålaren Otto Sinding såg det for seg.
Slaget ved Svolder slik kunstmålaren Otto Sinding såg det for seg.
Publisert

Fortida lever farleg. Ho er i hendene på skiftande ettertider. Og dei gjer stort sett som dei vil med henne.

I den gamle Sovjetunionen vart det sagt at fortida var meir uviss enn framtida. Skiftande politiske vindar laga ei fortid som forklarte samtida slik at dagens politiske regime stod fram som målet for den historiske utviklinga. Fortida og historia vart mønstra som ei vaktande hird for dagens politiske regime. Fortida stod til teneste. Ho måtte det.

Dette vart slik fordi marxist-leninistane såg på historia som ein naturbunden prosess dei skulle tolke og styre. Slik vart historie og fortid dagsaktuell politikk.

Marxist-leninistane er nok av dei som har vore mest hardhendte i handteringa av fortida og historia. Men dei er ikkje åleine. På Balkan er historia i ekstrem grad med i aktuell politikk, i Midtausten òg.

Og då vi på 1800-talet skulle atterreise Noreg som ein sjølvstendig nasjon, mobiliserte vi mellomalderhistoria vår, med heltekongar. Snorres persongalleri marsjerte inn i skule og litteratur. Per Sivle fylte songbøkene, Ibsen og Bjørnson fylte teatera. Nasjonen reiste seg.

Ettertida har sett litt meir avbalansert på dette. Historikarane i dag meiner at Snorre, i si historieskriving, fortel meir om si eiga samtid enn om den tida han skriv om. Som historieforteljar må han justerast. Det er rett og slett ikkje sant, alt som står.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement