Grønsaksshot
Skyt. Eller spring.
Fruktjuiceseljarane på gata i Rio de Janeiro lokkar ikkje med varer som skal gjere kundane reinsa og evig unge. Dei sel leskande, velsmakande og gjennomsnittleg sunn drikke.
Foto: Silvia Izquierdo/AP/NTB scanpix
Først må eg berre få fortelje éin ting: Du får kjøpt kol på Narvesen. For kiosk-Noreg har hamna på diett. Steinalderdiett, eller paleodiett, for å vere meir nøyaktig ? eller meir forvirrande, om du vil. For dietten er ikkje heilt god å verte verken klok på, utørst eller sunn og frisk av. Vi får byrje med byrjinga.
Ein vanleg arbeidsdag med mobilkamera og kritisk innstilling på matbutikken: Det tok ikkje lang tid å få napp: «2X Raw Shot rødbet» stod det. Den vesle flaska høyrer under merkevara «Made by Berit Nordstrand» som er produktutvikla av helseguru og lege Berit Nordstrand i samband med Synnøve Finden.
Eg stussar over kombinasjonen 2X og shot. Små mikrojuicar har den siste tida dukka opp både her og der, altså i både butikkar og kioskar. Dei vert gjerne marknadsførte som noko midt imellom sunn hurtigmat og helsekost, og som på grunn av storleiken tilsynelatande verkar lettare for lommeboka eller samvitet.
Men kva er eigentleg ein shot i denne samanhengen? I barverda er vi jo vane med å tenke på ein shot som 4 centiliter, altså 40 prosent av ein desiliter, med ein eller annan type temmeleg sterk alkohol. Ein shot er ei alkoholeining: 12 gram alkohol, eller mengda som skal gje eit gjennomsnittsmenneske ein promille på 0,25.
Skam på
På folkemunne er ein shot noko vi heller i oss i ein slurk. Noko som ikkje nødvendigvis smakar så godt, men som gjer godt på innsida. Konsentrert effekt. Gjer Berit Nordstrands doble raudbeteshot skam på dette inntrykket?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.