Ord om språk

Grina på nasen

Publisert Sist oppdatert

Folk som er vanskelege i matvegen, har fått mang ein vert til å grina. Sidan dei matvande grin åt mest alt som vert sett fram åt dei, har dei vore kalla matgrinarar. Det er lett å stilla seg attom ordtaket: «Den som grin åt graut, han er ikkje svolten.»

Men kva skal ein gjera med slikt? Om matgrinarane ikkje et, vert dei i alle fall sure og grinete.

Mange har fått høyra at dei må slutta å grina. For om det er noko som er verre enn å grina sjølv, er det å høyra på ein som går og grin. Men kva er grining for noko? Her finst det so mange svar at det er til å grina av.

Det sterke verbet grina (norr. grína) vert gjerne kopla til norrønt gína (‘gapa’), som heng i hop med gane. Framljoden gr i grina kan vera påverka av verbet gretta (‘knurra, vera tverr’, jf. gretten). Kor som er: Grunntydinga til grina var truleg ‘gapa, sprikja’. Det er den tydinga me møter i seiemåtar som «det grin mellom fjølene» (‘er utett, ope’) og «kjolen grin».

Mangt kan få oss til å gapa eller vrida på munnen og andletet i det heile. Slikt hender når me har det moro, når me har det keitt, og når me et noko surt eller noko anna som byd oss imot. I dansk vert grina og grin nytta om det å smila eller le, gjerne på ein grov eller hånleg måte. Orda har vore nytta om hånlått i norsk òg. Kva med engelsk grin (‘flira, glisa’)? Ja, sei det. Nokre meiner at både det og groan (‘stynja’) høyrer til grina-ætta.

Grina har lenge vore nytta om å fella tårer (med klagande ljod attåt), men det finst dei som meiner at det er finare og rettare å nytta gråta om slikt. Og det er greitt, ingen ord ter seg heilt likt eller tyder nett det same. Til dømes har gråta ei trongare tyding enn grina og gjev soleis lite rom for mistolking. Men grina duger visseleg. I mange målføre er grina sjølve hovudverbet for ‘fella tårer’, og det er ikkje noko å grina for!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement