– Godt og klårt argumentert

Professor Gjert Vestrheim meiner masteroppgåva er god.

Professor Gjert Vestrheim
Professor Gjert Vestrheim
Publisert

– Eg har lese oppgåva, og ho er klårt skriven og godt argumentert, seier professor i gresk ved Universitetet i Bergen, Gjert Vestrheim, som har skrive mykje om tilhøvet mellom gresk og arabisk kultur i mellomalderen.

– Og eg er ikkje overraska. Eg har sjølv sett på fleire av desse bøkene og danna meg det same inntrykket som Høisæther stadfester, seier Vestrheim og legg til:

– Det dreier seg om utelatingar, til dels også grove feil, som ein òg finn i mange populariserande bøker. Særleg ille er det når elevane på slikt grunnlag vert bedne om å «reflektere» over historiske tilhøve dei ikkje har fått naudsynt informasjon om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement