Kunnskap
Fri som fuglen?
Fuglar i fangenskap slit ofte med depresjon, nervøsitet og feilernæring.
Foto: Esteban Felix / NTB
Burfuglar som papegøyar eller undulatar er populære familiedyr som mange har mykje glede av. Men vi må også spørje oss korleis fuglane eigentleg har det. Kan dei ha eit fullverdig fugleliv når dei lever bak eit gitter mesteparten av tida?
Å fange fuglar har menneska halde på med i mange tusen år, og overklassen i Asia og Europa flotta seg tidleg med forgylte fuglebur, fylte med songfuglar frå Kanariøyane eller med andre, meir lokale finkefuglar.
Finkar er fine nok, men papegøyar er noko anna. Dei er blant dei mest sosiale og intelligente dyra på kloden og har ei unik evne til å herme etter lydar og lære seg ord og setningar. I Sør-Amerika er det ein vanleg skikk å halde papegøyar i fangenskap. For folk frå landsbyane i Colombia er det til dømes enno vanleg å ta med seg ein papegøye eller eit anna dyr som gåve når dei vitjar familie eller venner i storbyen.
Då europeiske sjøfolk og soldatar byrja å utforske og okkupere Afrika og Asia, og seinare også Sør-Amerika og Australia, fekk dei små songfuglane frå Middelhavet hard konkurranse av både taleføre undulatar (som er små papegøyefuglar frå Australia) og større papegøyar frå Afrika og Sør-Amerika. Den engelske undulaten Puck lærte seg 1728 ord og sette med det verdsrekord, noko han feira julemorgon 1993 med denne kraftsalva: «It’s Christmas. That’s what’s happening. That’s what it’s all about. I love Pucky. I love everyone.»
Papegøyane forsvinn
Den fargerike historia til burfuglane har også ei anna og langt mørkare side. Ein søramerikansk papegøye kan du selje på Finn.no for opptil femti tusen kroner, på den svarte marknaden kan ein villfanga ara ha ein verdi på fleire hundre tusen. Vi veit at opphavsbevis og sertifikat for at dyra ikkje er villfanga, er svært lette å forfalske. Med mykje pengar å tene og minimal risiko for å bli tatt eller straffa er det ikkje til å undrast over at internasjonal handel med dyr i dag er ein milliardindustri som i stor grad er styrt av kriminelle organisasjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.