JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frenologen Bernard Hollander viser korleis kraniemålingane vert gjorde. Foto frå ca. 1902.

Foto: Wikipedia

3945
20170811
3945
20170811

Frenologien – skalleforskinga – var ein vitskap som skaut fart i siste halvpart av 1800-talet, før han vart sporlaust borte eit lite hundreår seinare. Frenologien meinte at skallen vår – kraniet – fortalde mykje om kven vi var, og om kva som budde i skallen.

Det fanst då to ulike forskingsobjekt: Daudingskallar og skallar som sat på menneske som framleis levde. Dei to forskingsobjekta kravde ulike forskingsmetodar.

Skulle ein forske på skallar av døde, måtte dei skaffast. Og marknaden fanst. Samane var svært interessante i skallesamanheng, ettersom dei var kortskallar, i motsetning til oss andre nordmenn. Ein tysk professor gav ut verket Lappische Gräber-Schädel (samiske gravskallar) i 1878. Forskingsmaterialet, 14 samiske skallar, hadde han fått frå ein kjøpmann i Vadsø som om sommaren reiste omkring og samla sameskallar frå eldre graver på Finnmarksvidda. Han samla også til eksport, til utalandske museum og institutt. Prisen var god. Ein sameskalle stod i 54 kroner i 1887, eit heilt skjelett i godt over 100 kroner. Årsinntekta for ein kroppsarbeidar var då 200–500 kroner, for ei tenestejente 60–150. Arkivet til anatomisk institutt fortel at både kyrkjetenarar og lensmenn var med i næringa. I 1883 grov lensmannen i Sør-Varanger opp skoltesameskallar frå kyrkjegarden i Pasvik. Anatomiprofessor Kristian Schreiner bygde opp den største samlinga av sameskjelett i verda: Zur Osteologi der Lappen (1931–35). Staten heldt pengar, og medisinstudentane hjelpte til. Institutt for samanliknande kulturforsking gav ut verket. Ein av studentane hans vart lyst i bann i 1915 av den samiske kyrkjelyden i Neiden for gravrøvinga. Det er bokverket Norsk idéhistorie som fortel denne soga.

Ein samisk kyrkjelyd i Nord-Sverige fann ut at einkvan grov opp skallar på kyrkjegarden og reiste med dei til Uppsala. Det vekte uro. Samane var sterkt truande, presten heitte Lars Levi Læstadius. Korleis skulle det gå på dommedag, når vi alle skulle kallast opp av gravene våre, i kjøtet, når skallen var i Uppsala og resten av kroppen på kyrkjegarden? Spørsmålet var alvorleg, og presten skreiv brev til det teologiske fakultetet i Uppsala som burde vite slikt. Det kom aldri noko svar. Svensk fjernsyn viste brevet på skjermen for eit par år sidan.

Så langt dei døde. Men også skallar som framleis var i bruk, var forskingsobjekt. Andreas Martin Hansen (1857–1932) var geolog, arkeolog og etnograf. Han fann ut Noreg var busett av to rasar: ein kortskalla ikkje-arisk og ein langskalla arisk. Han talfeste skilnaden. Om breidda av skallen er meir enn 80 prosent av lengda, er du brakykefal, kortskalle. Om breidda er mindre enn 80 prosent, er du dolikokefal, langskalle. Den typiske langskallen var Fridtjov Nansen.

Granskinga til Hansen gav ein klår konklusjon. Det var to rasar i det norske folket, og dei var i mangt ulike. Éin konklusjon var bastant etter ein grundig gjennomgang: Kortskallane røysta høgre, langskallane venstre. Her var materialet eintydig. Litt rusk var det i funna. På Sørvestlandet var det meir venstrefolk enn skallane tilsa, og i ei lita ryfylkebygd, Vikedal, hadde «langskallerne ikke gjort sin venstreplikt». «Politiske parti er bestemt af race», slår han bastant fast.

Og han blir spesifikk. Det moderate partiet, som braut ut av venstre, er eit reint kortskalleparti. Ein del av austlandshøgre er langskallar, som venstrefolk er det.

Han er trygg på materialet sitt, trass i at venstrefolka i Vikedal ikkje har gjort som dei skulle. Han har kontrollert skallar og røyster i 270 distrikt. Teorien slår til i minst 230 av desse. «(...) det er ligetil umuligt at tænke sig dette som et rent sammentræf.»

Og han formulerer si etnologiske lov: «De politiske partiers herredømme i Norges bygder er betinget i raceforskjellen.»

Dette var nok den første valforskinga på norsk grunn. Vi får tru, og vone, at faget i ettertid har interessert seg meir for innmaten i skallen, og ikkje berre for kraniet.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis