Offiseren i Kharkiv
Jakov Nejsjtadt. Send bilettekst til atle.gronn@ilos.uio.no.
Foto: Boris Dolmatovskij Foto: Boris Dolmatovskij / Jakov Nejsjtadt.
Eg følgde den gamle mannen langt oppi 90-åra. Kvar månad ringde den russisk-aserbajdsjansk-israelske stormeisteren Emil Sutovskij (f. 1977) til Nejsjtadt og rapporterte frå samtalen på Facebook. Det var sjakkinternett på sitt beste.
Jakov Nejsjtadt vart fødd for 100 år sidan. Som gutunge i Moskva opplevde han verdsmeistrane Capablanca og Lasker på nært hald. Så kom krigen. Den unge offiseren vart sjef for ein geværtropp, mellom anna i ukrainske Kharkiv. Han vart skadd både i 1942 og i 1944. Han kom heim til Moskva som ein helt og tok juristutdanning. Men med eit såvore namn kunne han ikkje arbeida som jurist. Stalin hadde gått til åtak på den jødiske intelligentsiaen.
Så Nejsjtadt vart sjakktrenar, teoretikar og skribent. Kan henda hadde han den beste pennen i sovjetisk sjakk. Han skreiv eit par dusin bøker og var «limet» i dei sovjetiske sjakktidsskrifta. Han var smålåten og meinte at journalistar ikkje skulle ha bilete av seg sjølv i avisa.
Kor stort var no eigenleg eit sovjetisk sjakktidsskrift? Eg spør meg om nokon norsk journalist har hatt like god kontakt med lesarane sine. Nejsjtadt hadde hund og katt og fekk den mest kjende sovjetiske sjakkfotografen til å ta eit bilete. Han spurde lesarane om dei kunne senda inn ein bilettekst til sjakkbladet. Han fekk over 800 lesarbrev med svar. Det var eit anna land og ei anna tid…
På 80-talet hamna Nejsjtadt i konflikt med den mest markante redaktøren i sovjetisk sjakk, KGB-agenten Aleksandr Rosjal’, som ville ha biletet sitt i bladet og ikkje kunne akseptera at Nejsjtadt skreiv så mykje betre enn han sjølv. Etter oppløysinga av Sovjetunionen emigrerte Nejsjtadt og familien til Israel. Han heldt fram med å skriva sjakkbøker. Han var krystallklar til det siste, då han døydde nesten hundre år gamal i mars i år.
I førre veke sa Putin at Vesten har plassert ein jøde i Kyiv, altså Zelenskyj, for å skjula nazismen i landet. «Berre spør israelarane», la Putin til. Redaktøren for den største russiskspråklege avisa i Israel kommenterte at Putin er ein klassisk antisemitt, og at berre 7–8 prosent av dei russisktalande israelarane stør Putin. I ein siste samtale med Sutovskij våren 2022 sa den gamle offiseren frå Kharkiv: «Ukrainarane er heltemodige. Skriv det i nekrologen min.»
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.