Mirakel og slarv
Kva vert Carlsens neste trekk mot Niemann i den store jukseskandalen?
Foto: Lennart Ootes / Grand Chess Tour
Dette veit vi i den store skandalen som har heimsøkt sjakkverda: Amerikanaren Hans Niemann (19) har kome som ein rakett inn i sjakkeliten. «Mr. Nobody» (omsetjing frå tysk) vedkjenner at han har juksa i internett-turneringar, sist som 16-åring. Heime på guterommet er juks ei enkel sak, men om ein juksar for mykje, vil algoritmane til sjakkplattformene blinka raudt. Chess.com har kasta ut Niemann og skriv at guten har meir på samvitet enn det han seier ope.
Å juksa i ei fysisk turnering mot verdsmeisteren er sjølvsagt noko heilt anna. Magnus Carlsen hadde førebudd eit nytt bondeoffer som kvit i opninga mot Niemann i Saint Louis for to veker sidan, men Niemann svara snøgt dei neste 15 trekka. Amerikanaren sa etter sigeren at han ved eit mirakel hadde studert heile varianten den same morgonen. Carlsen trur ikkje på mirakel og trekte seg frå turneringa med ei kryptisk melding om at han ikkje kunne snakka høgt. Carlsen, leiaren for ein elite med ein streng æreskodeks, har aldri før mistenkt ein kollega for juks.
Om det var juks, slik alle tolka Carlsen, er den tekniske løysinga ikkje særleg komplisert: Dei minste øyrepluggane er utanfor rekkjevidde for metalldetektorar. Spelaren kan difor få meldingar på øyret frå ein hjelpar som sit med dataanalysar. Kreative Elon Musk leikar med tanken på at sjakkjuksarane kan få morsesignal frå vibrerande analkuler.
Men fleire stormeistrar kritiserer Carlsen og seier at mirakel er moglege på sjakkbrettet. Dataguruen Ken Regan, den leiande eksperten på sjakkjuks, har rekna seg fram til at eitt parti av ein million er «mirakuløst». Carlsen kan ikkje svara for seg av di han ottast søksmål og ikkje er lysten på å verja seg med sjakkteori mot amerikanske kjendisadvokatar.
Etter den fyrste episoden følgde ei veke med slarv og motslarv. Mange fann ulike «mirakel» i Niemanns kometkarriere, medan andre freista forklara mirakla på «naturleg» vis. Ein ukrainsk dataekspert fann ei rad mistenkelege parti frå Niemanns spel i brettsjakk, medan Regan tolka desse partia som «naturleg variasjon».
Så der stod saka og kom ikkje vidare – trudde vi. Men denne veka møttest hovudpersonane på ny i ei nett-turnering arrangert av Play Magnus-imperiet, dit Niemann var formelt kvalifisert. Carlsen logga seg på og gjorde eitt trekk mot amerikanaren før han gav opp partiet.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.