Målprisar
Kort veg frå jord til bord er bra – for alt anna enn systemet.
Marknader og andre former for direktesal av mat breier om seg. Men har jordbrukets eige system eigentleg plass til det?
Foto: Marit Hommedal / NTB
Det nærmar seg. 16. juni skal Stortinget handsame jordbruksoppgjeret, men vi veit alt no korleis det kjem til å gå: Tilbodet frå staten vil verte vedteke utan endringar – av «respekt for forhandlingsinstituttet», som landbrukspolitisk talsperson i Høgre Guro Angell Gimse har gjenteke tallause gongar dei siste vekene.
Men det er ikkje det einaste Gimse har sagt. Denne veka skal vi ta tak i ein uttale ho kom med til Klassekampen 29. mai. Utsegna er ikkje eineståande, og ved fyrste augnekast ikkje eingong særleg kontroversiell: «Eg trur det er viktig å utfordre kjedene både frå vår side og at bøndene gjennom rekoringen og bondens marknad går utanom mellomledda», svara ho, mellom anna, på spørsmål om kva som må til for å snu utviklinga i næringa.
Bønder må satse på direktesal. Kutte mellomledd. Kort veg frå jord til bord. Eg trur jammen meg eg har ymta frampå om noko av det same sjølv ved opp til fleire høve.
Men så slo det meg plutseleg: Trass i stor politisk og folkeleg vilje er slikt direktesal framleis berre promillar av totalomsetjinga i norsk jordbruk. Kva ville skje om dei rollene vart bytte?
Mangesyslarane
For det fyrste: Vi pålegga alt ein bonde å handtere dyr, fôr, dieseldrivne og elektriske og mekaniske maskiner, bygningar, kulturlandskap, eng, åker, utmark og fjell, bakteriar og sjukdommar, biologisk mangfald og ein god bit av kulturarven vår. Skal vi verkeleg pålegge bonden å verte marknadsførar, produktutviklar og seljar i tillegg?
Ein ting er at mange bønder frivillig tek på seg dette – og endå betre, set pris på og er flinke til å marknadsføre og selje seg sjølv. Men marknadsføring og sal er yrke i seg sjølv. Vi kan ikkje byrje å legge til grunn at alle bønder skal ta på seg desse rollene for å overleve i eit av verdas viktigaste yrke.
Og, for det andre: Dersom det likevel skjedde, ville det kunne sette i fare institusjonen Gimse forsvarar så innbite?
Midlar over jordbruksavtalen er fordelte i to hovudbolkar: budsjettmidlar frå staten – desse har lite med omsetning av produkt å gjere – og målprisar. Og det sistnemnde vil i høg grad kunne verte påverka om bønder byrja å omsette varer direkte i meir enn symbolsk omfang.
Målprisar er definerte som «priser som jordbruket reelt sett skal kunne oppnå ut fra balanserte markedsforhold, det fastsatte importvernet og de markedsreguleringsmulighetene som er til disposisjon». Per no har vi målprisar på mjølk, korn, svinekjøt og ein del grønsaker, og kor høge dei prisane skal vere, vert definerte i jordbruksavtalen.
Maksimumspris
Som oftast er det vanskelegaste med målprisane å klare å oppnå dei: I jordbruksåret 2019–2020, til dømes, låg den akkumulerte prisen på svinekjøt i marknaden fire øre under den vedtekne målprisen. For korn og mjølk heldt ein marknadsprisen på målprisen.
Men målpris er ikkje berre ei vedteken målsetjing om minimumspris. Det er òg ein maksimumspris: Dersom noteringsprisen i marknaden kjem over målprisen over ei viss tid, vil det utløyse administrative tollnedsettingar: lågare tollsats for ei aktuell vare over ein periode for å stimulere til import. Årsaka til dette er todelt: For det fyrste å sørge for tilgang på råvarer i Noreg, sidan høg pris fort kan kome av etterspurnad som er høgare enn produksjonen. For det andre er vi pålagde det av WTO, som definerer målprissystemet som prisstønad, og seier at slik stønad ikkje kan kome over eit visst nivå.
Desse målprisane vert definerte frå engrosnivå, men kva skjer når bøndene byrjar å verte både grossistar og detaljistar? Proposisjonen Stortinget får på bordet 16. juni foreslår ein målpris på potet på 5 kroner og 32 øre per kilo. For mjølk er prisen 5,47 kroner, og for svinekjøt 33,89 kroner. Prisane på Bondens marknad og i rekoringar er monaleg høgare enn dette – og det skal dei sjølvsagt vere. Heile poenget er jo å betale bonden rettvist og gje ho ei løn å leve av. Men klarar systemet – og institusjonen jordbruksforhandlingar – å fange opp denne praksisen, eller risikerer Gimse å slå beina under instituttet ho prøver å forsvare? Eller skal ho – og resten av Stortinget – snart innsjå at systemet er overmode for endring?
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Marknadsføring og sal er yrke i seg sjølv.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?