Frå historia
Vegen til utdanning
Bernt Støylen (1858–1937) var teolog og biskop.
Vi, dagens tilårskomne pensjonistar, er saman med dei som fór rett før oss, dei første lånekassegenerasjonane i historia.
For nokre i vår generasjon vart utdanningsvegane opna fram til interessante yrke og til slutt gode pensjonar.
I historia er dette så nytt at dei fleste av oss har kjent folk som hadde heilt andre historier å fortelje om sin utdanningsveg.
Mor hadde elleve søsken. Morfar døydde tidleg, og mormor sat att med huset fullt av småborn på ein skranglete ryfylkegard. Her var ikkje mykje å få med seg om ein ville på skule.
To av søstrene, Gjertrud og Olga, gjorde ein avtale om utdanning, som dei begge ville ha. Den eine skulle ta seg arbeid og betale det det kosta å ha den andre på skule. Når utdanninga var ferdig, bytte dei rolle. Den nyutdanna betalte no, medan den andre traska på skulevegen.
Den eldste vart lektor på lærarskule. Den andre vart lærarinne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.