JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

To prestar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michael Sars (1805–1869) (t.v.) og Olaf Olafsen (1843–1932) var begge sokneprestar med interesse for naturen.

Foto via Lokalhistoriewiki.no og Hardanger og Voss Museum / Digitalt Museum

3401
20230127
3401
20230127

Presten var sentral i det gamle samfunnet. Han stelte med saker som var viktige: fødsel og dåp, død og gravferd, vegen til evig sæle og evig liv.

Men han var også ein av dei få som hadde noko slag utdanning og hadde kunnskap om ting som hende langt borte. Prestane hadde studert, først i København og etter kvart i Kristiania.

Slik hadde dei lært å samle kunnskap og skrive han ned. Mykje av det vi kjenner til om tilstanden i landet vårt i farne tider, er nedteikningar prestar har lagt etter seg.

Mange av dei hadde særinteresser som dei utvikla ved sida av dei åndelege syslene som følgde embetet. Michael Sars var sokneprest i Manger i Nordhordland. Der vandra han mykje i strandkanten og studerte livet og småkrypa som levde der.

John Petter Collett skriv om han i verket om historia til Universitetet i Oslo. Som student ville han bli naturvitskapsmann, men han vart teolog for å ha noko å leve av.

Sars publiserte artiklar om funna sine i europeiske tidsskrift og vart internasjonalt kjend som marinbiolog.

I 1846 publiserte han hovudverket sitt, Fauna littoralis Norvegiae, om dyrelivet på den norske kysten, som vart trykt og utgitt av det norske vitskapsselskapet. Same året vart han kreert til æresdoktor ved Universitetet i Zürich. Og i 1854 vart han ekstraordinær professor i zoologi ved Universitetet i Kristiania.

Etter han kom det ein flaum av havforskarar, som son hans, G.O. Sars, Johan Hjort og Fridtjof Nansen. Norsk havforsking steig opp til internasjonalt toppnivå. Og det starta med ein sokneprest i Manger som rusla i stranda i prestegjeldet sitt.

Olaf Olafsen kom til Ullensvang som sokneprest i 1890. Han såg då straks at her var gode vilkår for fruktdyrking. Hardanger kan forsyne England og Skottland med frukt, skreiv den nye presten.

Han gjekk praktisk til verket. Han planta prestegarden full av frukttre. Han fekk gjort prestegarden til forsøksstasjon for fruktdyrking med seg sjølv som forsøksvert.

Ei tid hadde han ansvaret for å teste 82 eplesortar, 59 pæresortar, 29 plommesortar og 27 kirsebærsortar. I 1891 planta han dei første frukttrea, 20 tre som han kjøpte frå ein planteskule i Sandnes. Då han drog frå Ullensvang, stod det mellom 1200 og 1300 frukttre på prestegarden, med romsleg avstand, slik skikken då var.

Han skreiv årlege rapportar om forsøksarbeidet. Dei vart trykte i Norsk Havetidende. Av alle forsøksvertane rundt i landet var det ingen som skreiv så mange og så fyldige rapportar som Olafsen. Finn Måge skriv om fruktpresten Olafsen i årboka for Hardanger historielag.

I 1897 var han med og skipa Ullensvang hagebruksselskap, der han i alle år var aktiv. Interessa hans for fruktdyrking skapte anekdotar. Ein sørfjording vart spurd om Olafsen var noko til prest. Jau, svara sørfjordingen, han vil nok at me skal verte salige, men han vil no at me skal plante nokre frukttre fyrst.

Olafsen var også svært interessert i hagebrukshistorie, ikkje minst i den rolla klostera spela i utviklinga av fruktdyrkinga i Hardanger. Og han har levert mykje godt stoff til lokalhistoria i Hardanger.

Så sat desse to prestane på kvar sin prestegard og sysla med saker som ikkje hadde med embetet å gjere. Den eine kom til å så eit frø som bar store vitskaplege frukter. Den andre dreiv ei anna fruktdyrking, som skapte liv og velstand i norske fjordar.

På sett og vis vart prestegjerninga ei sidesyssel for dei begge.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis